Sommarles ‘07

Som i fjor deltok Stordal også i år i lesekonkurransen «Sommarles» i perioden 11. juni til 18. august.

26. september 2007
John Kristian Hjelle

Mange leselystne born samla på biblioteket i Stordal ved markeringa av Sommarles ‘07.

Talet på kommunar som er med har auka frå tre i fjor til åtte i år. Born og unge mellom sju og 19 år frå kommunane Haram, Ulstein, Hareid, Ørsta, Herøy, Giske, Sande og Stordal har vore med.

Markering
Måndag vart dette markert på biblioteket i Stordal, med utdeling av premiar og diplom. Så mange som 32 hadde meldt seg på frå Stordal, av desse var 22 aktivt med i konkurransen og melde inn kva dei las.
I den interkommunale konkurransen kom Stordal på 4. plass, førsteplassen var det Ulstein som stakk av med.

Bokpremie
I den individuelle konkurransen kapra Sivanja Naguleswaran ein flott 7. plass. For dette fekk ho ein gåvesjekk på 600 kroner som skal nyttast til å kjøpe bøker. Ho fortel at ho tykte boka ”Fotoalbumet” var skikkelig spennande, og ho likar godt bøkene om Katja, der ho har lest heile serien.
At det er eit høgt nivå i denne konkurransen forstår vi når vi høyrer at Sivanja har lest 81 bøker i sommar for å hamne på 7. plass. For å sikre seg 13. plassen måtte Yoon Young Chang lese 71 bøker.

Fleire heldige
Det var også loddtrekning mellom deltakarane av to gåvesjekkar på 300 kroner til bokkjøp. Dei heldige var Julie Olsen Almås og Kristine Elin Dyrkorn.
Bibliotekar Bjørg Moltu tykte deltakinga frå Stordal var kjempebra, og med ein kjempeinnsats til slutt i konkurransen for å få registrert alt som var lest. Ho las høgt frå boka om dei tre sauene som reiste til byen for å ha det fett, medan dei leselystne fekk kvile augene sine og kose seg med velfortent brus og sjokoladekake.