Framleis etter læreboka

I gjennomsnitt utvidar fjellet i Åknesremna seg om lag seks centimeter i året, noko som gir om lag ein millimeter i veka. På grunn av regnvêret var aktiviteten større nokre dagar i september.

www.aknes-tafjord.no


26. september 2007
Randi flø

Kjell Jogerud seier det er naturleg at fjellet bevegar seg meir når det er mykje vatn i fjellsprekkene.

Dagleg leiar i Åknes/Tafjord-prosjektet, Kjell Jogerud, seier det viser seg at fjellet bevegar seg meir når det står vatn i fjellet. Jogerud seier det er om våren under snøsmeltinga dei registrerer størst auke. Med såpass store nedbørsmengder som vi har hatt i haust, var det ikkje uventa at det slo ut på instrumenta.
Men han synest ikkje noko særleg om at ulike media konkurrerer med kvarandre om å sause til informasjonen. For eit par veker sidan vart registreringane opphausa og til dels misbrukte.

Strekkjer seg
– Kva er det som vert målt når det er snakk om desse millimetrane?
– Det er eit resultat av at fjellet sig nedover, sjølv om fjellet er hardt er det også seigt. Når fjellet strekkjer seg, får det sprekkesystem. Fjellmassivet sklir nedover mot fjorden, forklarer Jogerud.
Fjellmassivet er 700 meter breitt og 1200 meter høgt. Inne i dette massivet er det litt ulike rørslemønster. Dei måler 50-60 ulike punkt. Det viser seg at rørslene har ulik hastigheit og skjer i ulike retingar.

Beredskapssenter
Det er i dag fire tilsette ved beredskapssenteret på Stranda. Jogerud seier dei framleis er i oppbyggingsfasen, der dei gradvis byggjer opp ein infrastruktur. Dei er i ferd med å få til ei integrert overvakingsløysing med eit tilpassa dataprogram. Dette programmet skal halde styr på sensorane. Slik det er i dag går data frå dei ulike målestadene til ulike stader, nokre tek dei imot på Stranda. Andre data vert tekne imot i Italia og atter andre ved Norsar på Kjeller. Når programmet er ferdig utvikla, skal alt gå inn til beredskapssenteret på Stranda.
– Då sit vi med det totale skjermbildet med prikkar og kart. Vi kan gå inn på ulike instrument og lese av kurver og rørsler. Dette blir eit viktig analyseverkty, seier Jogerud.
Han reknar med at i løpet av hausten skal dei vere komne rimeleg langt når det gjeld beredskapssenteret. Dei skal bygge to rom inne i hallen. Eitt av dei er ein serverpark, der alle datamaskinene skal stå. Det andre er eit operasjonsrom med monitorar der dei kan sitje og følgje med.
Finansieringa av beredskapssenteret er enno ikkje på plass, sentrale styremakter har sett i gang eit hurtigarbeidande statssekretærutval for å vurdere dette.

På fjellet
Arbeidet oppe på fjellet ved Åknesremna går sin gang. Dei prioriterer slikt arbeid for å kome så langt som mulig før vinteren. I Oaldsbygda skal dei mellom anna setje opp ein tilsvarande radar som er på Heggurdaksla. Der skal dei også gjere nokre forbetringar, mellom anna leggje inn ein del reflektorfeste, slik at han ikkje bevegar seg av vêr og vind. I tillegg skal det i løpet av hausten på plass ein del tilleggsintrument på Heggurdaksla, mellom anna eit tiltmeter, som vil fange opp vinkelendringar.
Eit sireneanlegg er under etablering. I månadsskiftet oktober/november skal utstyret vere på plass. Det skal setjast opp 25 tyfonar i dei fire kommunane Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog.