Meir plan over Geiranger

Stranda kommune har teke initiativet til få utarbeidd ein tettstadanalyse for Geiranger. Asplan Viak, som var innleigd som konsulent, har no lagt fram ein rapport om arbeidet.

3. oktober 2007
Randi flø

Eitt av tiltaka det er gjort framlegg om, er å betre området mellom butikken og naustrekkja.

Ein av grunnane til at arbeidet vart sett i gang er at Geiranger er eitt av dei fremste turistmåla i landet. Turismen har vore grunnlaget for tettstaden i meir enn 100 år. Ei bygd med 250 innbyggjarar har rundt 500.000 gjester i løpet av fem hektiske sommarmånader. I 2006 kom fjordlandskapet på UNESCO si verdsarvliste. Det blir stilt store utfordringar til Geiranger både som ei oppleving i seg sjølv og som inngangsport til verdsarvattraksjonen.

Analyse
Stadanalysen inneheld ei systematisk kartlegging av forholda i sentrum. Parallelt med analysen er det gjennomført eit kulturhistorisk tilstandsrapport av kulturminne i tettstaden.
Analysen og tilstandsrapporten dannar grunnlag for vidare planarbeid og utvikling og skal munne ut i ein visjon for og startegiar for framtidig utvikling og utforming av Geiranger.
Utvklingsarbeidet er lagt opp tredelt. Stadanalysen gir ein tilstandsrapport med vekt på dei fysiske forholda på staden og ein analyse av utviklinga som ha ført fram til hit.
Innanfor tettstadområdet er det identifisert om lag 70 bygningar som kan vere bevaringsverdige. Desse er nærare registrert og kartlagt, og det er utarbeidd ein eigen rapport.
Det er dessutan utarbeidd ein visjon for Geiranger. Som ein del av stadanalysen la Stranda kommune vekt på å få til inkluderande prosessar som kunne verke mobiliserande. Det er oppnemnt ei ressursgruppe sett saman av sentrale personar i bygda. Denne gruppa har saman med prosjektet arbeidd gjennom tredagars-samlingar med å konkretisere visjonar, mål strategiar og tiltak for Geiranger. Det har desssutan vore halde fleire folkemøte i bygda.

Sterk og svak
Gjennom arbeidet har det vore sett opp punktvise styrkar og svakheiter for Geiranger, i tillegg til truslar og muligheiter.
Det er ei unison oppfatning at Geiranger sin største styrke ligg i naturarven konkretisert ved fjordlandskapet og verdsarvstatusen. Verdien av å vere eit levande lokalsamfunn som det er godt å bu i og vekse opp i er også viktig.
Av svake sider er infrastrukturen den som peikar seg sterkast ut. Det inneber alt frå dårleg vegsamband ut av bygda, vinterstenging av vegen austover, turistopplegget lokalt og tilrettelegging for turistar og fastbuande elles. Nedtrappinga i landbruket og attgroing er også ei svak side.

Visjon
Ressursgruppa gjennomførte i juni ei samling der framtidsbilde i Geiranger i år 2020 skulle stå i fokus. Som grunnlag hadde dei seks ulike personkarakterar og ulike tider av året.
Det er formulert visjonar både når det gjeld natur, kultur, infrastruktur og samfunn. Ressursgruppa har kome med framlegg til strategiar eller delmål for kvart tema. Her kjem ein god del meir konkrete mål. Endå meir konkret vert det når ein kjem til ulike tiltak som kan setjast i verk på kort eller lang sikt, det er også sett opp kven som skal ha ansvaret for dei ulike tiltaka.
Som døme under natur er det nemnt å tilbakeføre fiskedam med regnbogeørret nede ved fjorden. Eitt døme frå området er å gjere kraftstasjonen tilgjengeleg med hengebru over Storfossen. Eit anna tiltak er å utarbeide ein etisk formingsrettleiar inkludert reklame- og skiltplan for sentrum. Når det gjeld infrastruktur, står det på på lista å planlegge og byggje parkeringshus i fjell.
Det blir peika på at staden mellom butikken og naustrekkja og framfor hotellet har vore lågt prioritert ved tidlegare utvikling. Det kjem framlegg om å løfte dette området fram til «heider og verdighet». Opplevinga av å sjå den historiske naustrekkja må styrkast, småbåthamna bør flyttast og dei urbane kvalitetane bør dyrkast.