| Vi møter dei to søskena ved bana i Heggen, der dei trenar ofte. Dei fortel at det er fast trening kvar fredag, der den som vil berre kan møte. Her er syklar til utlån. Skal dei vere der utanom, må dei ha med seg ein vaksen. Og far deira stiller villig opp.
Krinsmeisterskap
Krinsmeisterskapen er sett saman av fem ulike løp. Dei har vore på løp på Skodje, Averøya, Åfarnes, Kleive og Ørsta/Volda. Nest siste løpet gjekk på Kleive 15. september. Her tok Birgitte førsteplassen i klasse KD og Lars-André førsteplassen i klasse C. Jøran Magnussen vart nummer fire i klasse D. Dei andre som deltok her vart rekruttane Evelina Melchior, Stian Magnussen og Erika Melchior, som ikkje vert rangerte.
Siste løpet i årets krestemeisterkspa gjekk av stabelen på Åfarnes 29. september. I tillegg til dei rekruttane som stilte på Kleiva, var også Simon Haberberger med frå Valldal. Her tok Birgitte nok ein førsteplass, medan Lars-André kom på tredjeplass og Jøran på sjuande.
Birgitte har også delteke i NM, der ho tok andreplassen i si klasse begge dagane.
Kontollerer
Kva er det som er så kjekt med å køyre trial?
Poenget er å kontrollere sykkelen. Det handlar ikkje om å køyre fort, men å beherske sykkelen i sakte fart, seier Birgitte.
Ho fortel at det vert mykje reising når ein skal halde på med ein slik sport.
Men det er kjekt, så lenge du får sove, skyt Lars-André inn.
Birgitte skal på jentetreff i Oslo helga 20. og 21. oktober. Helga før det skal dei på leir i Skodje.
Betre bane
Dei skulle gjerne hatt ei litt betre bane og forklarer at det er greitt å trene på bana i Heggen, men der er ikkje berg. Når dei er ute og konkurrerer, møter dei ofte på berg i løypene, men her får dei ikkje trene på det.
Er det ein dyr sport å drive med?
Etter at du har kjøpt utstyret, er det ikkje så dyrt, då er det berre bensinen som kostar, seier Birgitte.
Og så litt ekstradelar, legg Lars-André til.
Dei har nok velta litt av og til, men ikkje slått seg alvorleg, så det meiner dei ikkje er noko å vere redd for. Dei to oppmodar andre til å bli med. Allereie som fem-åring kan ein begynne med denne sporten. Klubben har to syklar til utlån, så det er berre å møte på fredagar for den som vil vere med.
|
|
|