Den siste datoen som byggjenemnda og entreprenøren Busengdal Transport vart samde om som ferdigstillingsdato for Åsevegen, var 1. november. Byggjeleiaren seier at det er full drift på vegen, men at ferdigstillinga er litt forseinka. Opphavleg vart det sagt at vegen skulle asfalterast i haust, men det er ikkje sikkert.
Byggjenemnda skal ta stilling til det. I tilfelle det blir asfaltering i haust, er det snakk om den delen av vegen som er ferdig no. Det kan likevel vere ein føremon å vente til våren. Mykje av vegen ligg på fylling, og han vil difor setje seg litt over tid. Viss vegen får stå over vinteren, kan ein få retta opp småskavankar til våren, seier Oddbjørn Ringset, men strekar under at avgjerda ikkje er teken og at det er litt opp til kommunen.
Stengd veg
Valldal Høvleri er misnøgd med at dei ikkje kjem til med hyttebygging slik som dei hadde planlagt, på grunn av at vegen i hyttefeltet til Svein Linge er stengd.
Oddbjørn Ringset seier at den nye vegen kjem parallelt med hyttevegen, men litt lågare og at hyttevegen difor har blitt undergraven. Biltrafikk er difor ikkje forsvarleg, meiner han, men seier at det er kommunen som er vegmynde som gjer vedtak om å stengje vegen. For tida driv entreprenøren med muring på nyvegen.
Elisabeth Mansfield seier at vegen gjennom hyttefeltet eigentleg ikkje er ein etablert tilkomstveg, og at høvleriet burde ha sjekka ut forholda på førehand.
Vegen måtte stengjast på grunn av tryggleiken i sam-band med anleggsarbeidet, seier ho.
Uviss lagnad
Kva som skjer med gamlevegen, er enno ikkje avklart. At han er i dårleg stand er det iallfall ingen tvil om. Vatnet har laga djupe renner i vegen og svingane liknar gjørmebad.
Elisabeth Mansfield seier at vegen ikkje er nedlagd. Spørsmålet om kva som skal skje med gamlevegen, er utsett til den nye vegen er ferdig. Då er det òg nye politikarar som må ta stilling til korleis dei som bur langs gamlevegen, skal finne vegen heim.
Den nye tilkomsten til småbruket som er fritidsbustad i Muriås, er kosta av kommunen som ein del av forhandlingane med grunneigar.
|
|
|