Stordal Godøy 10
(10 til pause)
Kirkebø stadion
Laurdag 6. oktober 2007
Spelarar Stordal frå start:
Ole André Vidhammer (keeper), Petter Aksel Kirkebøe, Sindre Holtleite, Geir Marius Øie, Bert Pasop, Hans Martin Homlong, Kristian Henden Dahl, Kenneth Skrede, Thomas Kirkebøe, Andreas Kirkebøe, Jahn Morten Overå
Innbyttarar:
Hallgeir Hove
Jahn Morten Overå sørga for det einaste målet i denne kampen mot leiarlaget i 4. divisjon, som Stordal noko overraskande vann. Godøy hadde fleire moglegheiter til å skore, men Ole Andrè Vidhammer var god i mål i sin første seriekamp på fire år.
Kunne ha auka
Også Stordal fekk moglegheiter til å auke leiinga etter kvart utover i andre omgang, men det vart med det eine målet.
Med denne sigeren held Stordal på 11. plassen på tabellen. HaNo, som ligg på 12. og siste plass i divisjonen, slo Ørskog heile 50, og avstanden mellom Stordal og HaNo er då framleis på berre eit poeng.
Håpet
Situasjonen før siste serierunde førstkomande laurdag er då slik at for å ha eit håp om fortsatt å kunne stå i 4. divisjon må Stordal først og fremst sikre seg 11. plassen. Vidare er dei så avhengige av at vinnaren av 3. divisjon Sunnmøre, Skarbøvik IF, vinn kvalifiseringskampane om opprykk til 2. divisjon mot Træff. Då vil nemlig berre eit lag (det som vert på 12. og siste plass) rykke ned frå 4. divisjon. Taper Skarbøvik kvalifiseringskampane vil derimot både laget som kjem på 11. og 12. plass rykke ned. Det vert i tilfelle då både Stordal og HaNo, ingen av dei kan kapre 10. plassen. Der ligg Sunnylven på sikker grunn med 18 poeng.
Laurdag møter Stordal Bergsøy på Kirkebø kunstgras. Bergsøy ligg på femte plass. HaNo spelar heime mot Godøy - som framleis leiar divisjonen.
|
|
|