| Det seier Olav Bratland som komande måndag blir valt til ny fylkesordførar for Møre og Romsdal når det nye fylkestinget kjem til Geiranger og den første samlinga etter valet.
Påverke
Kva gler du deg mest til?
Det er å få lov til å vere med og påverke ei utvikling til det beste for dei som bur i Møre og Romsdal. Då tenkjer eg mest på dei oppgåvene som fylket har. Det gjeld til dømes dei vidaregåande skulane som skal vere så gode som mulig. Det gjeld både det faglege, men også ein del av skulebygningane som treng skikkeleg opprusting. Av dei oppgåvene som ligg mitt hjarte aller nærast, er samferdsle og kommunikasjon. Der har fylkespolitikarane stor innverknad, seier Bratland.
Han forklarer at dei pengane som Stortinget løyver til vegar i fylket, er det i praksis fylkespolitikarane som prioriterer.
Fylket har dessutan ei rolle som regionutviklar. Det handlar om å leggje til rette både for næringslivet og på andre område. Eit døme han trekkjer fram, er om fylket skal kome til å stå framfor ei straumkrise. Her vil fylkeskommunen måtte vere ein sterk pådrivar for å løyse ei slik krise.
Åknes/Tafjord
Allereie på førstkomande fylkestingssamling kjem det opop ei viktig sak for indre fjordstrok.
Der har vi tenkt å prøve å vere med for å skyve på og finne gode løysingar. Vi skal vurdere om fylkeskommunen skal gå inn for å forskottere dei 16 millionar kronene som trengs no. Eg trur det er litt meir komplisert enn berre å finne pengar. Det må også finnast løysingar som gjer det mulig å få realisert byggjeprosjekt ved å få oppheva byggje- og deleforbodet langs fjorden.
Samferdsle
Også innan samferdsle er det mange prosjekt i indre strok som er viktige å få fram. Det gjeld mellom anna vegen ellom Stranda og Hellesylt og vegen mellom Geiranger og Grotli. Dette er prosjekt som må finne si løysing og som krev at politikarane står på.
Kva med Børdalsvegen?
Det er eit prosjekt som ikkje er kome så langt at det har kome inn på noka prioriteringsliste. Her er det viktig at dei lokale kreftene i Norddal, Stordal og Ørskog står på og jobbar med den vegen. Det trengs nokre eldsjeler lokalt.
Usemje
Er det saker du ventar stor usemje om i fylkestinget?
Det vil heile tida vere saker med ulike syn på. Det er vel derfor vi har ulike parti, vi ser ikkje likt på alt. Det som skjedde i samband med konstitueringa, var reint valteknisk. Det betyr ikkje at vi har utforma ei felles politisk plattform. Kvart parti står heilt fritt til å kjempe for dei oppgåvene og sakene som dei har i sine partiprogram. Mi oppgåve er å fronte dei vedtaka som blir fatta i fylkestinget. Som fylkesordførar må eg stille meg bak fleirtalevedtak, seier Bratland.
Dette er også hovudgrunnen til at han trekkjer seg frå leiarskapet i Møre og Romsdal Høgre frå 22. oktober. Han meiner kombinasjonen mellom det å vere fylkesordførar og det å skulle fronte partiet sine saker ikkje er foreinleg. For han er det mest ryddig og realt å ha berre ein hatt.
Olav Bratland understrekar at han vil vere fylkesordførar for heile fylket. Han innser at det kan skje mange gongar at han vil ha andre standpunkt enn det som partiet måtte gå for. Han ser på rolla som pådrivar som ein viktig del av det å vere fylkesordførar.
Stordal
Flyttar du frå Stordal til Molde?
Nei, eg tek sikte på å pendle, seier den nye fylkesordføraren. I Molde står det ein bustad til disposisjon der han har muligheit til å vere om det skulle trengast. Vervet som fylkesordførar er ikkje nokon åtte til fire-jobb.
|