Hall full av musikk

Laurdag var det dansegalla i Stordalshallen. Dansebandet spelte før og etter det som var hovudattraksjonen, Hellbillies. Det gjekk ikkje lang tid etter at dei hadde entra scenen, før hallen i Stordal var godt fylt opp av folk med sans for denne musikken.

24. oktober 2007
Alfred Nilsen

Hellbillies er eit hardtslåande countryrockband med tekstar på dialekt frå Ål.

Inne i salen var det rigga til med Inne i salen var det rigga til med to scenar. På den eine scenen spela dansbandet før og etter konerten med Hellbillies. Hallen var laga til med småbord, øl- og vinsal og butikk med Hellbillies-effektar og musikk.

Stor fanskare
Mange av dei som kom til Stordalshallen denne laurdagen, var ihuga fan av bandet. Og av dei finn ein mange yngre menneske. Sverre Ulstein Fjørtoft frå Brattvåg var endeleg blitt 18 år og kunne sleppe inn på konsert med heltane.
– Kvar ei plate av dei har eg, og eg berre diggar dei, sier han og trippar framføre scenen før dei startar å spele.
Kvart på elleve entrar dei scenen og klemmer i veg med kjende og mindre kjende låtar frå sitt repertoar. Dei har nettopp kome med ny plate og dette er den andre konserten dei held etter det. Og media er sjølvsagt til stades, dei som er å rekne med: Bygdebladet, VG og Storfjordnytt.

Tettspelt band
– Det er ti år sidan vi var her sist, og dokke ser ikkje ein dag eldre ut, heller tvert i mot, kunne Aslag Haugen fortelje.
Og det kan ein som publikum merke, at dette bandet har halde i hop ei god stund. Det er eit tett driv som kjem frå scena, lyden er bra og eit herleg lys skaper det som måtte mangle. Og bandet triller ut den eine låta etter den andre og gitarist Lars Håvard Haugen imponerer med sitt gitarspel og si framferd. Han har ein eigen stil og ein fandenivoldsk måte å få lyden ut av gitaren på. Og ikkje berre ein gitar, men mange.
I to stive timar var bandet på scena og kom inn og spelte fire ekstra låtar til slutt, og aller sist den mange hadde venta på heile kvelden: Krasafaren steinbu.
Det blir dansa, digga og drukke øl. Publikum i alle aldrar storkosar seg i Stordalshallen denne kvelden. Og alle desse folka, om lag 700, vert passa på av eit smidig, effektivt og synleg vaktkorps. Etter at Hellbillies gjekk av scena var Dansebandet der igjen og spelte for alle dei som ikkje hadde fått dansa frå seg.