|
Bjørn Inge Ruset har teke plass på kontoret med bilete av 17 ordførarar på veggen. Den første, Elias A. Grønningsæter, regjerte så lenge som frå 1848 til 1880. Den siste ordføraren som heng i glas og ramme, er Arne Sandnes. Han har òg ein del år å vise til. I 14 år sat han som ordførar før hans eige parti, Senterpartiet, valde å gje ordførarklubba til Arbeidarpartiet.
Audmjuk og nysgjerrig
Den nye ordføraren seier at han går til oppgåva med ærefrykt.
Eg er både audmjuk, nysgjerrig og full av forventningar.
Korleis kjem innbyggjarane til å merke ordførarbytet?
Det får innbyggjarane svare på etter kvart, seier han først, men legg til:
Jamfører ein kommunen med ei stor skute, er det ikkje råd å gjere brå vendingar.
Dessutan styrer eg ikkje åleine, men saman med kommunestyret.
Bjørn Inge Ruset seier at møtet med det nye kommunestyret var positivt.
Eg merka meg fokuset på prosess i kommunestyret. Det verkar lovande. Både Oddbjørn Lianes frå Tverrpolitisk liste for Norddal og Signe Brenna frå Norddalslista drog fram dette i samband med Kleivavegen. Det oppfattar eg som positivt og noko vi skal strekkje oss etter i fellesskap.
Har tjuvstarta
Bjørn Inge Ruset har alt tjuvstarta litt på arbeidet som ordførar. Han har orientert seg om Åknes/Tafjord-prosjektet. Arbeidet med Norges Friluftshøgskole har han òg alt sett på etter å ha blitt dregen inn på ein fin måte av Arne Sandnes. Den nye ordføraren orienterer seg no om dei ulike kommunale einingane og andre saker der kommunen har forplikta seg. I tillegg må han setje seg inn i budsjettprosessen.
Det er eit breitt spekter av saker, men no er eg spesielt oppteken av Åkens/Tafjord-prosjektet. Å få dette på plass vil få positive følgjer både for innbyggjarar og utvikling av næringsliv.
Er du budd på kritikk og motbakkar som Arne Sandnes nemnde då han snakka om ordførarrolla onsdag?
Det ligg i leiarrolla. Eg vil prøve å fokusere på det positive, men må gjere ting på min måte i høve til utfordringane som kjem.
Har du berre positive forventningar? Er det ikkje litt nifst òg?
Nei, nifst er det definitivt ikkje, men spent må eg seie at eg er.
Formannskapet
Det gamle formannskapet
hadde tre kvinner og fire menn med representasjon frå fire av fem bygder. Det nye formannskapet har berre to kvinner. Alle dei sju medlemmene bur i Valldal.
Det er litt tilfeldig kva som skjer med kven som i utgangspunktet står på listene, valresultat og konstituering.
Du er kan hende alibiet, som har budd i fire av fem bygder?
Eg har budd i alle bygder unnateke Eidsdal. Foreldra mine vurderte å kjøpe ein flott gard på Berge tidleg på 1980-talet. Når det gjeld representasjonen, er det ikkje mykje å gjere med det no, men eg vil understreke at eg er ordførar for alle. Både døra og telefonlina er open. Dei som har særlege interesser når det gjeld sine bygder, må kontakte meg eller andre i kommunestyret for å påverke prosessar. Eg vil sterkt oppmode innbyggjarane om
det, men innspel må kome i forkant.
Kjem du til å ha eit spesielt fokus på sørsida?
Alt i det første kommunestyremøtet viste vi at vi har fokus på heile kommunen. Kleivavegen stod på saklista og alle gjekk inn for å løyve pengar til ein skikkeleg standard på vegen. Det skulle berre mangle!
Konstitueringa
Kva vil du seie om tingingane etter valet og fram til du vart ordførar?
Eg veit ikkje om eg vil seie så mykje om det. I utgangspunktet vil eg sjå framover og vere ordførar for alle og med takk ta imot innspel frå alle. Som Audun Skjervøy skreiv i eit innlegg før konstitueringa, så er det gjennom konstruktiv meiningsbryting vi kjem fram til dei beste løysingane. I den grad eg vil sjå bakover, kjem Arbeidarpartiet til å evaluere prosessen internt. Kva andre parti og lister vil gjere, må vere opp til dei. Det vil eg ikkje polemisere om.
Senterpartiet har gjeve opp alle posisjonar. Dei har verken varaordførar eller leiar i driftsutvalet?
Det må dei svare på sjølve.
Er dei fire partia bundne til den felles politiske plattformen i alle vedtak?
I rådslaget har vi prioritert ein del saker, men dei er ukontroversielle slik eg ser det. Det er ei overordna politisk plattform med saker vi har ambisjonar om å gjennnomføre, seier ordføraren og legg til at han ikkje opplever den store usemja med noko parti.
God ven på kontoret
Kontoret til ordføraren ligg ved sida av kontora til rådmannen og rådgjevarane. Ein av rådgjevarane, Per Ove Nydal, er ein god ven og var forlovar då Bjørn Inge Ruset gifta seg. Den nye ordføraren er ikkje redd for at det skal bli eit problem.
Vi er begge profesjonelle med tanke på det. Dessutan er eg vand til frå yrkeslivet å kome i «føresettposisjon» overfor nære kameratar; at eg blir føresett for kameratar eller omvendt. Det må handterast profesjonelt.
Faren er at andre kollegaer kan mistenkje at de stikk hovuda i hop?
Det må sjølvsagt andre vurdere, men eg trur ikkje at det kjem til å bli noko problem.
Første kamelen
I valkampen sa Bjørn Inge Ruset at han ville gå eller sykle på jobb om han vart ordførar. Spørmålet blir då opplagt:
Korleis kom du deg på arbeid i dag?
Eg tok faktisk bilen. Eg skulle gå eller sykle, men sykkelhjelmen ligg i Oslo og... Der svelde eg visst den første kamelen, seier ordføraren.
|
|
|