|
På programmet stod innslag der ein mellom anna fekk framført dikt og songar laga av Fjørå sine eigne innbyggjarar som Lars Selboskar og Harald Vestre, og opplesing frå laget si eiga ”Sysvorta”.
Gripande
Ei gripande stund var det for mange då Arne Ruset, omkransa av jenter med tende stearinljos, las opp forteljinga til Karl Korsnes om Tafjord-ulykka natt til 7. april 1934. Ei hending mange i Fjørå framleis har tett innpå seg, og som alle har eit forhold til. To av dei som døydde i ulykka var medlemmar avSolberg Ungdomslag: Hjalmar Lyse og Johnny Ytterli.
Elsa Selboskar las etterpå opp referatet frå første møtet i laget etter ulykka, der til dømes ei av sakene var løyving av pengar til Sunnmøre Museum.
Dette er til å ta av seg hatten for. Her sat det menneske, rett etter ulykka der dei hadde mist både familiemedlemmar og anna, og løyvde pengar til eit museum, sa ho.
Under krigen vart aktiviteten i laget lagt ned, men ungdomshuset vart likevel mykje brukt.
Humor
Arne Ruset kåserte humoristisk om 50- 60- og 70-talet; mellom anna om herreturnforeninga som nesten vart stifta, men der det vart med berre ei trening, om den spennande Røde Kors legebok som gav draumar om framtidige yrke, og der ein på ymse vis prøvde å skaffe seg den nødvendige praksis.
Tidsbolkane vart visualiserte og sette på spissen i sketsjar, sang og musikk undervegs. Frå 80-talet vart det vist ein video som vart spelt inn av nokre kreative karar i 1982, ”Trångsynposten”, som tok for seg nokre av den tidas aktuelle saker, som mellom anna den nyopna Tafjordtunellen.
Helsingar
Det vart servert mat og drikke, og kaffi og kake. Mange tok ordet og gratulerte laget. Mellom dei var Arnstein Sæthre, nestleiar i Sunnmøre frilynde Ungdomslag. Han overrekte eit rosemala fat. Andre som gratulerte var Gunnar Rødal frå UL Ivar Aasen, han gav boka ”Ein ungdom på hundre”, skriven av Harald Grytten til Ivar Aasen sitt 100-årsjubileum i 2005.
Ordførar Bjørn Inge Ruset gratulerte, Norddal Helselag gratulerte og overrekte ein barnestol til bruk på ungdomshuset, Tafjord ungdomslag overrekte ein dreia bolle (laga i Tafjord), og det nedlagte Fjøråkoret gav ungdomslaget dei om lag 5000 kronene dei hadde ståande att på ein konto då koret vart nedlagt.
Til slutt på ein underhaldande og triveleg kveld var det dans ved Valldal Spelmannslag.
|
|
|