Skulesaka utsett til budsjettet

Eit fleirtal av Høgre og Framstegspartiet i Stordal gjekk på møtet i førre veke inn for å vente med vidare arbeid med skulesaka til budsjettarbeidet kjem i gang.

31. oktober 2007
Randi Flø

Dei tre mindretalspartia i kommunestyret i Stordal ville halde fram å arbeide med skulesprosjektet parallelt med å øve påtrykk på sentrale styresmakter om å få til ei gunstig finansieringsordning for bygget. Frå ventstre: Ottar Røren (KrF), Palma Flåen Øvrebust (Ap), Ole Johan Vidhammer (Ap) og Hildegunn Langhaug Berli (Sp).

At ordninga med rentekompensasjon for skulebygg er teken bort i framlegget til statsbudjsett for neste år, har ført til at planane om nytt skulebygg i Stordal har fått endra vilkår når det gjeld finansiering.
Det nye kommunestyret fekk saka til behandling på møtet onsdag i førre veke. Rådmannen sitt framlegg innebar å leggje det vidare planarbeidet på is til det ligg føre nærare avklaringar når det gjeld statlege stimuleringstiltak.

Tafatt
Det syntest ikkje opposisjonen var rett måte å angripe saka på. Roger Lillebø (KrF) meinte dette var noko tafatt. På vegner av Ap, KrF og Sp kom han med slikt framlegg til vedtak: «1. Stordal kommunestyre vedtek å starte forprosjekt for utbygging av Stordal skule som vidareføring av utført førearbeid med skisseprosjekt som medfører riving av Gamleskulen. 2. Kommunestyret bed Rådmannen straks setje i gang arbeid med finansiering av slikt forprosjekt. 3. Forprosjektet bør vere ferdig i løpet av 1.halvår 2008. 4. I samband med dette arbeidet bør Rådmannen få klarlagt kva finansiell stønad ein kan få frå sentrale styresmakter, og eventuelt øve påtrykk saman med andre for å behalde tidlegare ordningar.»
Ole Johan Vidhammer (Ap) meinte at framlegget frå rådmannen berre ville føre til ei ny ørkenvandring. Han forstod at det var bortfallet av rentekompensasjonen som låg bak, men minte om at då ordninga vart innført var ho meint å vere tidsavgrensa.
– Vi er nøydde til å gjere noko med skulesituasjonen, gamleskulen er over 50 år gammal. Det er mykje som trengs å gjerast, vi ønskjer å halde fram med forporsjekt og kostnadsoverslag, vi kan ikkje stoppe arbeidet, sa Vidhammer.
Rådmann Leif Kirkebøe kommenterte at det ikkje var hans meining å få saka ut på ei ny ørkenvandring, men at framlegg frå nemnda som jobbar med skulesaka, er tufta på ei gunstig finansiseringsordning. Han sa at kommunen må stikke fingeren i jorda. Å investere for rundt 35 millionar til skulen blir vanskeleg så lenge kommunen er blant toppane i gjeld berre innbyggjar i fylket. Eit forprosjekt vil også koste pengar og han rådde dei til ikkje å starte før det er klart kva midlar ein har.
Til det svarte Vidhammer at dei ønskte å jobbe både med finansiering og planlegging parallelt. Arbeidet med forprosjektet må uansett gjerast.

Budsjett
Ordførar Charles Tøsse kom etter eit gruppemøte med framlegg til eit nytt vedtak der dei ville utsetje avgjerda til budsjettarbeidet. Han sa at det er mange som jobbar for å få til ei tilsvarande ordning med finansiering av skulebygg som den som har vore. Derfor meinte han det er viktig å få ein månads tid ekstra for å finne ut kva dei skal gjere vidare med skulen.
Lars Kristian Øvrebust (Sp) hadde håpt på eit litt meir offensivt framlegg frå Høgre-gruppa. Han meinte å kunne dra parallellar til arbeidet med å realisere Stordalstunet, då det også gjekk lang tid, slik at det heldt på å gå gale med finansieringa. Øvrebust sa at skulen også var det viktigaste prosjektet i førre periode.
Mot dei seks røystene til opposisjonen vart Høgre sitt framlegg om å utsetje saka til budsjettarbeidet vedteke.