Vil ha vegen inn i planverket

Arbeidsgruppa som er nedsett for å arbeide mot ei ny vegløysing mellom Sjøholt (Valgermo) og Viset på RV 650, har no lagt fram ei forundersøking av alternative vegløysingar. Dei arbeider for å få vegstykket inn i planverket.

7. november 2007
John Kristian Hjelle

Det vert fort trangt om plassen i svingen ved Vestre. På begge dei to traseframlegga som arbeidsgruppa har fått vurdert av Statens vegvesen er svingen rundt denne hammaren fjerna.

Arbeidsgruppa, som vart etablert i 2005 etter at næringslivet i Stordal og Norddal stilte pengar til disposisjon, har eit medlem frå næringslivet i Norddal og eit medlem frå næringslivet i Stordal, i tillegg til 5 medlemmar som er valde av kommunane i Norddal, Stordal og Ørskog.
Leiar i gruppa er Sigmund Stene frå Ørskog. Medlemmar elles er Charles Tøsse, Thorbjørn Fylling og Arne Sandnes frå kommunane, og Sindre Helland og Viktor Valldal frå næringslivet. Sekretær er Børre Tenfjord, teknisk sjef i Ørskog kommune. Næringslivet i Norddal og Stordal har løyvd om lag 3 millionar kroner til dette prosjektet, og det er til no brukt om lag 250.000 av desse. Pengane skal gå inn i prosjektet generelt, dei er ikkje øyremerkte. Målsettinga til arbeidsgruppa er å få realisert bygging av siste del av RV 650 mellom Viset og Valgermo. Etter at dei 36 kilometrane av RV 650 elles innover til Linge no har god standard med midtstripe og skulder, står dei 8 kilometrane det her er snakk om att å gjere noko med for at vegen skal ha gjennomgåande standard.
Ifølge arbeidsgruppa vil ein oppnå ein god, effektiv og sikrare veg for næringslivet lokalt, og ei betring av indre «stamveg» mellom Stavanger og Kristiansund, som har mykje tungtransport med mange store bilar. Køyretida på den aktuelle strekninga vil gå ned frå 10-12 minutt til 4-5, frå 8 kilometer til om lag 5, og dei alternative trasevala som vert foreslått, vil gå utanom eksisterande bustadområde.

Skilje
Ein vil også oppnå å få skilje lokal trafikk og gjennomgangstrafikk i det aktuelle området. Arbeidsgruppa har leigd Statens vegvesen til å lage ei forundersøking av dei to alternative vegtraseane med kostnadsoverslag. Denne vil arbeidsgruppa ta med seg vidare som innspel til rullering av NTP (Norsk Transportplan) som skal skje i år og neste år, der dei vil prøve å få med dette prosjektet.
Dei to traseane er kostnadsrekna til om lag 260 millionar og 295 millionar. Dei er ikkje vurdert opp mot kvarandre, det er både pluss og minus ved begge to. Det må gjerast fleire undersøkingar og ei konsekvensanalyse må lagast på dei to alternativa. Men planen vidare no er først og fremst å få det med i NTP og i planverket, og så kan ein arbeide vidare. Arbeidsgruppa meiner at bygginga av denne vegen vil ha stor betydning for både transportørar og pendlarar, både lokale og andre, private og offentlege. Dei vel å sjå på dette prosjektet som byggetrinn 3, der Stordalstunnelen var trinn 1 og Dyrkorntunnelen var trinn 2, og meiner at dette må til for at RV 650 mellom Linge og Sjøholt skal ha ein gjennomgåande standard. Vegen er foreslått å starte på flata ved husmorskulen på Sjøholt, der eine trasevalet kjem inn att på eksisterande veg på Vestre, medan det andre trasevalet kjem inn att på eksisterande veg ved Visettunnelen. Begge traseforslaga er med ny bru i Vaksvika.