Musikal med Stordal Barnekor

Stordal Barnekor hadde i helga besøk av Jarle Waldemar, komponist, barnekorleiar og
barneevangelist busett på Gjøvik. Saman øvde dei heile helga inn musikalen ”Emilie”.

14. november 2007
John Kristian Hjelle

Stordal Barnekor med Jarle Waldemar.

lart for framsyning, og eit bedehus fylt med spente foreldre, besteforeldre og andre kunne høyre leiar for barnekoret, Ragnhild Fauske, ønske alle hjarteleg velkomen.

Skadefritt
– Det har vore ei flott helg, heilt utan skadar, kunne ho opplyse.
– I motsetnad til i fotball er gullstrupe det einaste ein får etter ei slik øvingshelg, la ho humoristisk til.
Ho presenterte Jarle Waldemar, som også hadde med seg to hjelparar, jentene Anniken og Lisa. Jarle Waldemar fekk, saman med medhjelparane sine, opp stemninga med song og forteljingar før sjølve musikalen byrja.
Alle var med
Alle medlemmane i koret var med i denne musikalen, som handla om jenta Emilie som gjennom opplevingar på skulen og heime finn ut at ein skal vere grei og snill mot alle ein møter.
Medlemmar i koret spelte Emilie, og venner og familie av henne, i scener med dialog som etterfølgd av songar med heile barnekoret – fram til den endelege erkjenninga av at ”Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei”.

Skryt
Svært flinke kormedlemmar fekk fortent skryt av Ragnhild Fauske etter musikalen, og dei yngste, som ikkje ein gong har byrja på skulen, fekk ein ekstra klapp – dei hugsa all teksten!
Tradisjonen tru på eit bedehus – etter musikalen var det kaffi og kaker, og praten gjekk livleg rundt borda.