– Tafjord eit godt alternativ

– Eg kan med glede seie at vi har funne eit godt alternativ til kystbase for Norges Friluftshøgskole i Tafjord, men vi vil òg vurdere andre stader i Norddal og Stranda.

14. november 2007
Sissel Tiril Rem

«Norges Friluftshøgskole – nærleik til og omsorg for natur, kultur og menneske» er mottoet vårt, fortalde prosjekt-leiar Annelin Henriksen.

Det sa prosjektleiar Annelin Henriksen då ho orienterte kommunestyret om planane for Norges Friluftshøgskole torsdag. Mykje av informasjonen ho la fram, er konfidensiell på grunn av konkurransesituasjonen. Kommunestyrerepresentantane fekk likevel eit godt innblikk i fagplanar og framdrift, utan at vi kan røpe alle detaljar her.

Praktisk opplæring
Norges Friluftshøgskole er tenkt å bli ein ny, statleg profesjonshøgskule jamfør politihøgskulen eller musikkhøgskulen, og skal bli leiande på å utdanne guidar/vegleiarar og vertskap med natur- og kulturlandskapet som arbeidsplass. Studiane vil ha ei praktisk-teoretisk tilnærming og ein erfaringsbasert læringskultur.
– Visjonen er å bli leiande internasjonalt på å skape heilskaplege rom for opplevingar, læring og utvikling ute i natur- og kulturlandskapet, og å gjere dette til eit levebrød. Å ta vare på, foredle og formidle natur-, kultur- og friluftslivsarv er ikkje noko sjølvsagt lenger. Norges Friluftshøgskole vil bidra til å etablere nye og berekraftige natur-, kultur- og friluftstilbod for menneske med ulike behov og interesser i tett samarbeid med lokalsamfunn og forvaltning over heile landet, ikkje berre der basane ligg, seier Annelin Henriksen.

Innland og kyst
Hovudbasen er tenkt lagd til Hemsedal, kystbasen til Norddal og Stranda.
– Det som er bra med desse områda, er at dei komplementerer kvarandre på natur og kultur: innland og kyst er to viktige element i Noreg. Dessutan har både Hemsedal og Sunnmøre tradisjonar for entreprenørånd.

Felles tanke
Ideen kom frå to hald. Som friluftsinteressert som ofte reiste utanlands, såg Annelin Henriksen trongen for profesjonelle guidar her til lands. I Hemsedal var det òg eit ynske om å ta med folk ut på andre aktivitetar enn ski og difor styrke guideutdanninga i Noreg.
– Litt tilfeldig kontakta dei meg, og så smelta to sjeler til ein tanke, seier ho og legg til at det skal vere eit likeverdig forhold mellom innlands- og kystbasen sjølv om initiativet kom frå Hemsedal.
Kystbasen som blir lagd til Norddal og/eller Stranda – fleire alternativ kan vere aktuelle, vil huse 20-30 studentar om gongen. Basen er tenkt som ein heim der dei skal sove og ete. Undervisninga vil likevel skje over heile området og på fleire stader i Møre og Romsdal. Annelin
Henriksen ser for seg at vår, sommar og haust er den mest aktuelle undervisningsperioden i Norddal, men undervisning vinterstid vil òg være aktuelt i Stranda, Sunnmørsalpane og andre område i fylket

Framdrift
Norges Friluftshøgskole skal bli eit supplement til det utdanningstilbodet som mange høgskular har i dag. Friluftshøgskulen skal ha både eit spisskompetansetilbod og eit tilbod til etter- og vidareutdanning.
– Dei andre kan halde fram med sine liner, fordi vi driv med noko anna. Studentane våre kan ha trong for å etterutdanne seg på andre høgskular etterpå, eller dei treng å byggje opp basiskompetanse for å kome inn på Norges Friluftshøgskole.
Styringsgruppa i prosjektet har sett seg eit ambisiøst mål om at skulen kan starte opp i 2010, men det er mellom anna avhengig av kor lang tid Kunnskapsdepartementet treng for eventuelt å godkjenne søknaden.
– Risikoen for at dette ikkje blir noko av, er til stades. Men vi har ikkje mykje å tape, vi har alt å vinne, avslutta Annelin Henriksen.
Norddal og Stranda kommunar har i år støtta forprosjektet med 200.000 kroner kvar. Til neste år blir kommunane bedne om å yte 100.000 kroner kvar, opplyste ordførar Bjørn Inge Ruset i kommunestyret.