Tjolahopp tjolahej tjolahoppsansa

Det var ikkje berre Pippi Långstrump som kom, men Emil, Karlsson, Rasmus og Ronja og fleire til av dei kjende Astrid Lindgren-figurane.

21. november 2007
Sissel Tiril Rem

Alle samla i eit fellessnummer til slutt med Ronja Røvardotter (Elin Dyrkorn) i spissen.

Kvar hentar dei kreftene frå? Det eine store arrangementet avløyser det andre i Stordalshallen. Førre helg var det Stordal Hornmusikklag som stod som arrangør for «På loffen i Astrid Lindgrens verden» der dei hadde med seg skulekorpsmusikantar og songsolistar.
Medan hallen fylde seg, fortalde dirigent Lars Kaggerud at dette er ei framsyning med barn for barn.
– Vi har øvt i to månader. Barna veks på dette. Dei spelar musikk som er skrivne for vaksne, sa han.

100-årsjubileum
Då mørkret seinka seg, tok dirigenten ordet og ynskte alle velkomne. Han inviterte dei minste til å sitje på mattene framfor scena på eit vilkår: Dei måtte love å sitje i ro.
– Har de høyrt om Astrid Lindgren, Pippi, Emil og Karlsson på taket? Onsdag 14. november var det 100 år sidan Astrid Lindgren vart fødd. Ho er ein av dei største barnebokforfattarane i verda. Det finst knapt eit barn i Norden som ikkje veit kven ho er, sa han og fekk nokre få hender i vêret då han spurde om det var nokon som ikkje kjende til den svenske forfattaren.

Flinke songsolistar
Denne laurdagsettermiddagen vart eit godt høve til å bli kjend med mange av figurane ho har skapt: Pippi, Karlsson på taket, Emil og Ida, Rasmus på loffen og Oscar, Madicken og Lisabeth og Ronja Røvardotter. Scenografien var gjennomført med snikkarboda til Emil der trefigurane stod utstilte i vindauget.
Dei to korpsa som var samla til eitt, starta med eit potpurri før Pippi kom inn og song «Vad ska vi göra nu» medan landstrykaren Oscar låg og kvilte seg i graset i bakgrunnen. Så kom dei inn den eine etter den andre av dei kjende Astrid Lindgren-figurane, både store og små song dei solo til korpset med stor sjølvtillit. Ingen nervøsitet og skjelvande kne å sjå.

Eigen Pippi-meny
Det var mest songinnslag med nokre replikkar her og der.
– Eg vil ha mat!, seier store-Pippi (Elin Dyrkorn) og søler og rører rundt i plastbollen så sukker og mjøl fyk.
– Man tager det man haver, seier ho og syng «Mitt recept».
– Er bollane ferdige no, spør Rasmus på loffen.
Det er dei, og det passar bra for no er det pause med eigen Pippi-meny: bollar og julebrus. Kaffi og kaker og lodd med Pippi-effektar som premie, går unna.

– Kjekt!
Seks år gamle Laura og åtte år gamle Jitte sit på mattene framfor scena med kvar si julebrus med sugerør i pausen. Dei er fornøgde med framsyninga.
– Det er kjekt, seier dei to.
Dei har høyrt songane om Pippi før.
– Eg har ei Pippi-bok heime, seier Jitte.
Om dei vil byrje i skulekorpset når dei blir gamle nok, veit dei ikkje enno.

Tjolahoppsansa
Etter matpausen sit Madicken og Lisabeth på scenekanten. Dei vil ikkje ha maten til Pippi. Dei vil heller ha köttbullar, og syng ein song om nettopp det. Borna på mattene har nok fått ein kveik etter brus- og bolleinntaket. To småjenter dansar og klappar framfor scenen. Rekrutteringa er det ikkje noko å seie på.
Mange av dei som var på scenen i første akt, kjem innom i andre. Ein ny litterær figur kjem inn mot slutten: Ronja Røvardotter som syng «Vargsongen» før framsyninga endar i fellesnummeret «De hjältmodiga».
Lars Kaggerud avslørte til slutt at korpset hadde spelt 72 melodiar, og songarane hadde sunge 64 songar då musikkspelet som Magne Rutle har arrangert, var over. Han takka ei rad med personar som var med på å lage framsyninga, og fekk til slutt takk sjølv òg. Publikum takka med ståande applaus og taktfast klapping til ekstranummeret: «Her kommer Pippi Långstrump, tjolahopp, tjolahej tjolahoppsansa».