Samling rundt musikk

Det vart skikkeleg trøkk i Stordalshallen laurdag. I tillegg til fire innslag på scena var det diskotek for dei rundt 100 som møtte fram til det rusfrie arrangementet.

28. november 2007
Randi Flø

Blå tonar frå Knut Sivert Vikenes.

Det var sett opp skyss både frå Ørskog, Vestnes og Norddal då Stordal ungdomsklubb og Stordal musikkverksted arrangerte Stordalstrøkk for andre året på rad.

På scena
Først ute på scena var «Spatha» frå Vestnes. Namnet betyr trekløver og det var tre medlemmer i rockebandet, som serverte rock både frå 60-talet og meir moderne tid.
– Vi er ganske ferske, har halde på berre eit halvt år, fortalde vokalisten i det neste bandet, «Soundworks» frå Ørskog.
Også dei fekk med seg publikum, ikkje minst då ein av medlemmene laga ulike spesielle lydar i mikrofonen, utan at vi veit kva denne teknikken heiter. Lysfolka spedde på med spennande verkemiddel. Det var tydeleg ein del ungdommar frå Ørskog blant publikum, dei kjende spesielt ein melodi og song med.

Roleg
Så var det Knut Sivert Vikenes sin tur, åleine med den blå gitaren sin og rolege, sjølvlaga balladar, på engelsk. Den første, «Blonde girl» var ein som han laga i fjor og innhaldet står til tittelen. Den andre melodien laga han til mor si og innrømte at det var eit hint om å få meir pengar. I alt fem songar serverte Knut Sivert i roleg, fin stil.
Så braka det laus igjen. Det var Marius and the Outliggers som stod på scena, ei gruppe som tydelegvis vert meir og meir populær og kjend. Kostyma står til namnet. Dei serverte mange av dei sjølvlaga melodiane som etter kvart har gjort dei så populære, mellom anna «Mrs Gossip». Denne gruppa var det som heldt på lengst.

Diskotek
Etter at alle var ferdige på scena var det klart for diskotek med DJ Svein Kåre.
Dette var eit rusfritt arrangement og det var mange vakter. Bjørg Moltu fortel at det ikkje var noko problem å få foreldre i ungdomsklubben til å stille som vakter ein laurdagskveld.
Jenny Langlo og Ida Moltu Staurset var arrangementssjefar frå ungdomsklubben. Claus Hoff representerte musikkverkstaden, han batt også saman det som skjedde på scena på ein artig måte.

Rundballeplast
For å gjere den store hallen litt meir eigna og intim hadde dei laga eit lite sansegolv ved scena. Bjørg Moltu fortel at veggene var laga av rundballeplast, der gardbrukar Jon Geir Selboskar skal ha takk for at han stilte velvillig opp.
Rundt om i hallen var det sett opp småbord og stolar og i kiosken var det mat å få.