Krav om utbetring av vegen til Muriås

Den nye åsevegen er snart klar for bruk, men det hjelper ikkje dei som bur i Muriåsen. No har dei sendt brev til kommunen med framlegg til ny vegtrasé.

28. november 2007
Sissel Tiril Rem

For eit par veker sidan vart ikkje vegen brøytt før etter fire-fem dagar. Denne veka har Jan T. Jemtegård vore svært nøgd med brøytinga. Foto: Alfred Nilsen

– Sjølv om det no er komen ny flott veg til vasstanken i Muriås, står den dårlegaste vegstrekninga igjen. Dette gjeld frå vegskiftet, og opp til familiane Jemtegård og Båtnes i Muriås.
Slik opnar brevet som tre fastbuande familiar i Muriås har signert, og som vart lagt fram for formannskapet torsdag i førre veke.
Kor dårleg vegen er, fekk dei på nytt bevis for veka før. Då vart ikkje vegen brøytt opp før etter fire-fem dagar. Slakteribilen har sagt at vegen er for dårleg til å hente slakt hos Båtnes. Etter at søppelbilen hamna i grøfta i august, køyrer heller ikkje den fram til husa. Difor må søppelet fraktast 450 meter. Dei viser òg til at servicefolka frå Telenor Mobil kom med helikopter då dei skulle til basestasjonen for eit par veker sidan.

Uakseptabelt
– Vi kan ikkje akseptere ein slik standard på vegen at vi verken kan kome oss på arbeid eller legekontor, ei heller få ambulanse, brannbil eller transport av anna materiell til gards når det er nødvendig, skriv dei i brevet.
Dei bed vidare om at vegstykket i Muriåsen kjem inn på investeringsbudsjettet til kommunen.
– Det er vår oppfatning at Norddal kommune har plikt å leggje til rette for sine bebuarar, også i Muriås. Ei snarleg synfaring av traseen Muriås vil gi eit betre innsyn i problema på eksisterande veg til Muriås.
Grunneigarane har lagt ved eit kart der dei har teikna inn eit framlegg til vegtrasé som alle som bur i Muriås kan godta. Dei ser det som naturleg at den gamle Muriåsvegen fell tilbake til drifta av bruka.

Har vurdert flytting
Dei seks som har skrive under brevet, seier at dei ikkje vil presse Norddal kommune. Dei set likevel klare krav til at dei vil bli behandla med respekt og på lik line med andre som bur i området.
– Det er òg klart at ein har vurdert å flytte på seg frå Muriås og Norddal kommune, då ein har store problem både å kunne nytte kommunale tenester og andre tenester slik forholda er i Muriåsen i dag, avsluttar dei brevet, som vart levert formannskapet torsdag.