| Det er fjerde gong Sunnmøre Fotballkrets deler ut denne prisen, og for fyrste gong vart prisen delt på to kommunar. Kriteriane for unemninga er antal lag i forhold til innbyggjartal, anleggssituasjonen og kommunen sitt engasjement i dette, og andre kommunale engasjement inn mot fotball.
Tre nominerte
Det var tre kommunar som var nominerte, i tillegg til Sykkylven og Stordal var også Sula nominert. Men det vart altså Stordal og Sykkylven som saman kunne ta imot diplom som Årets Fotballkommune.
Stordal er kretsen sin minste kommune, men har den største andelen av aktive gutar og jenter mellom seks og 19 år av alle kommunane, med 61 prosent aktive. Det er nesten dobbelt så høgt som gjennomsnittet i fotballkretsen.
Stabile tal
Kretsen framhevar at dette ikkje er tilfeldig; tala har vore stabile i fleire år. Og berre vel eit år etter at kommunen bestemte seg for å sette i gang arbeidet med kunstgrasbane vart ho teken i bruk no i år. Både Stordal og Sykkylven har gjennom ordførarane sine engasjert seg mykje inn mot Sunnmøre Fotballkrets sitt prosjekt «Fotball og samfunn», og totalt sett greidde ikkje kretsen å velje mellom disse to kommunane, men beslutta for fyrste gong å dele prisen mellom to kommunar.
|
|
|