Nyttig skredøving |
||||||||
![]() |
Øvingsmålet er oppnådd, så eg vil kalla «Øving skred» for vellukka, sa øvingsleiar Per Brekke i DSB då øvinga vart oppsummert førre torsdag. | |||||||
|
||||||||
Kriseleiinga i Norddal samla på kommunestyresalen på Sylte: Aud Lindis Ødegaard og Einar Hoel oppdaterte loggen, Per Jomar Nerli frå heimevernet, rådmann Stig Holmstrøm, ordførar Bjørn Inge Ruset og kommunelege Kamran Nikkah. Leiar for FDV Elisabeth Mansfield og bygningsingeniør Lars Kjell Smoge sat òg ved bordet. |
||||||||
| Onsdag og torsdag i førre veke hadde kommunane Norddal, Stordal, Stranda og Ørskog, fylkesmannen, politiet, kystverket, vegvesenet og Åknes-/Tafjordprosjektet ei skredøving i regi av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Forbetringspotensial Storfjordnytt var fluge på veggen eit par timar medan kriseleiinga i kommunen, eit sekretariat og observatørar frå fylkesmannen og Ålesund kommune følgde utviklinga. Øvinga var realistisk lagd opp med stadig utvikling av skredfaren, urolege pårørande som ringde og sjekka om trygde-heimen var evakuert og media som stilte spørsmål og stadig oppdaterte omverda om utviklinga på staden. Risikoen var på dette stadiet på oransje nivå. Radioen melde i si sending at små skred var sett i området. Kriseleiinga diskuterte flytting av barnehagen, VTS og helseavdelinga, og om det var trong for folkemøte. I ettertid seier ordførar Bjørn Inge Ruset at skredøvinga var ei svært positiv oppleving. Med min bakgrunn var eg i utgangspunktet skeptisk, men administrasjonen har gjort eit godt arbeid med planverket. Vi fann forbetringspotensial, men i sum var det ein betryggande og bra seanse, sa han og viste til evalueringa av øvinga som blir klar i månadsskiftet januar/februar neste år. Fokus på læring Torsdag var fleire av aktørane samla til oppsummeringsmøte i kulturhuset på Stranda. På ein pressekonferanse fortalde øvingsleiar Per Brekke at direktoratet fekk oppdraget frå Justisdepartementet og har brukt trekvart år på å planleggje øvinga. Vi har hatt fokus på læring for kriseleiingar og stabar. Skrivebordsøvinga utfordra sentrale personar og korleis dei tenkjer, sa Per Brekke. Vi hadde ein god diskusjon i forkant om kva som skjer før, under og etter eit skred i fjorden. Kva vil beslutningstakarane gjere før skredet kjem, og kva gjer ein om rørsla stoppar opp og skredet ikkje kjem, spurde Brekke. Uvurderleg nytte Frank Sve sa at han er glad for øvinga og at dei har gjort seg erfaringar til uvurderleg nytte. Det viktigaste er at vi ser at vi er i stand til å gjere oppgåva vår: Å sikre liv og helse er det vesentlege, sa han og var òg nøgd med at kommunane blir tekne på alvor i Justisdepartementet og i DSB. Strandaordføraren viste òg til at dei har erfaring med krisehandtering gjennom at Geiranger årleg blir isloert av snøskred. Vi takla godt situasjonen, men kan hende skulle vi ha øvt på evakuering. Det bør gjerast i ein toårsperiode. Då er det naturleg å velje ei bygd med komplekse problemstillingar. Geiranger er eit naturleg val, og eg trur innbyggjarane ville setje pris på det. Han nemnde mediehandtering som noko Stranda kan bli betre på. Informasjon til alle ledd blir ei stor utfordring. Det gjekk bra på øvinga, men dimensjonane vil bli annleis i ein reell situasjon, sa Frank Sve. Når det gjeld informasjon, kan det fort skje at ting blir overdramatiserte. Vi må vere svært medvitne om ordvalet, sa konstituert politimeister Yngve Skovly. Evakuering |
||||||||