| Planane for eit skredsenter i Tafjord har eksistert i ei årrekkje. Då Galerie Tafjord kom på banen, vart skredsenteret lagt inn som ein del av galleriet. Sidan galleriet er i ferd med å bli avvikla, ber interimstyret for skredsenteret om å få halde fram arbeidet med eit forprosjekt, som skal halde seg innanfor ei kostnadsramme på 500.000 kroner.
I grenseland
Dette er ei sak som har versert ei god stund, og som vi har behandla mange gonger. Det er ei sak som enno heng litt i lufta og ikkje har kome ned på bakken, sa leiar i driftsutvalet, Svein Linge (Tl)
Er dette ei sak for driftsutvalet, spurde Torunn Ljøen (Nl).
Det er eit godt spørsmål, sa Svein Linge, og la til at saka i beste fall ligg i grenseland.
Førebels er vi inne på den måten at eventuelle pengar må kome frå driftsbudsjettet, eller kan det kome frå næringsfondet, spurde han.
Til det sa rådgjevar Helge Svensvik at finansieringa uansett må bli samansett med lånefinansiering som ein del, og kan hende løyving frå næringsfondet.
Vi tek vel ikkje stilling til bruk av pengar no, men om vi er positive til å arbeide vidare med skredsenteret. I innstillinga står det at dei vil vurdere ekstern medverknad. Eg forstår ikkje grunngjevinga for at det skal over til formannskapet på dette tidspunktet, sa Arild Nærø (Ap).
Poenget er vel at ein må inn med kommunale midlar, ikkje berre eksterne, sa Svein Linge.
Ubehageleg å seie nei
Bjørn Helge Rønneberg (Nl) sa at han slit litt med denne saka. Ein halv million kroner er ei stilling i eit heilt år.
Slik eg les det, har det vore gjort arbeid før i samband med Galerie Tafjord. Det må vel kunne trekkjast ut ting derifrå for å kunne seie ja eller nei. Treng ein 500.000 kroner for å konkludere, spurde han og sa at det er ubehageleg å seie nei til noko i Tafjord.
Eg kan godt vere med på å gje både ein halv og ein heil million til Tafjord, men då må det vere til noko matnyttig. Eg høyrer kva Arild Nærø seier om at vi er på eit tidleg stadium, men eg kunne tenkje meg å ha eit betre oversyn over kva som er gjort til no, sa Bjørn Helge Rønneberg.
Ikkje eksakt beløp
Arild Nærø sa at når det gjeld pengar, har ingen bede om noko eksakt beløp.
Slik eg ser det, må dei som arbeider med dette, få høve til å leggje fram eit forprosjekt slik at vi veit kva vi har å halde oss til den dagen det blir snakk om å løyve pengar, sa han.
Svein Linge sa at om kommunen skal løyve noko, kan det takast frå næringsfondet.
Då kjem det i konkurranse med andre ting, men pengar blir ikkje tekne frå drifta. Eg tolkar det slik at om vi går for innstillinga, har vi ikkje lovt dei 500.000 kroner.
Bjørn Helge Rønneberg sa at han var negativ til at han berre fann ord som «innovativt» og «høgteknologisk» i saksutgreiinga, ikkje ein einaste kommentar om kva interimstyret har gjort, kvar dei er i prosessen, om det har vore økonomi knytt til dette før og kvar dei får 500.000 kroner frå.
Karianne Vestre Døving (Sp) sa at ho tolka innstillinga på same måte som Arild Nærø og Svein Linge.
Eg ser at senteret kan stå på fleire bein med læring, oppleving og informasjon. Kan hende er det ikkje urimeleg å få ein status over korleis ting ligg an per dags dato, sa ho.
Eg kunne tenkje meg å leggje nokre føringar, som å pålegge interimstyret å skaffe ekstern finansiering. Vi bør ha som overordna mål at Norddal kommune ikkje må sponse dette i framtida, at ikkje kommunen må sende ut 250.000 kroner kvart år til drifta av noko sånt, sa Bjørn Helge Rønneberg.
Eg kan ikkje sjå kvifor Norddal kommune ikkje kan vere med på å finansiere eit forprosjekt. Det er snakk om noko som heile tida har vore sett på som ei sjølvstendig eining. På dette tidspunktet bør vi halde oss til innstillinga og vere positive til å få til noko, og denne gongen er det faktisk i Tafjord, sa Arild Nærø.
Eg har ikkje sagt at vi skal ha berre ekstern finansiering, men prøver som Bjørn Helge Rønneberg sa, å etterlyse meir ekstern finansiering, sa Svein Linge.
Lei av spørsmål
Eg har ein kommentar til det med ekstern finansiering: Når det gjeld Tafjord, har Tafjord Kraft finansiert det som er i Tafjord, ting som kommunen eigentleg skal betale for. Det siste er at Tafjord Kraft kostar på oss 1,6 millionar kroner til fiber fram til alle husstandar. Eg tek til å bli lei av at det blir stilt store spørsmål med alt som skal skje i Tafjord, sa Arild Nærø.
Det eg er redd for, er at vi skal ta til å surre med bygdene våre. Hadde dette vore planlagt i Eidsdal, ville eg ha vore endå meir kritisk. Det er problem å gå imot noko i det heile tatt i Tafjord. Det eg er redd for, er at Norddal kommune skal drage på seg ein kostnad med eit tapsprosjekt som ingen er tente med. Eg vil ikkje vere negativ, men eg ville ha lagt fleire føringar, spørje om kva dei skal produsere for 500.000. Viss vi får klare føringar for kva dei skal gjere, er saka grei. Det er litt irriterande at det blir kopla mot bygda, for å vere litt sarkastisk tilbake, sa Bjørn Helge Rønneberg.
Kritikk
I samband med Galerie Tafjord har det tidlegare vore retta kritikk mot at rådmannen sit i interimstyret. Det kan vere med på å binde opp det som kjem til saksutgreiing, berre så det er sagt. Når det gjeld kva kommunen bind seg til av finansiering, er det ein interessant diskusjon, men eg opplever ikkje at kommunen blir bunden her. Vi får ta ein ny diskusjon når alt er på plass, sa Svein Linge.
Debatten enda med eit samrøystes vedtak som følgde innstillinga. Kommunestyret drøftar saka i morgon.
|
|
|