Det er ei god stund sidan Knut Hove tok kontakt med Storfjordnytt og meinte det var ei sak å prøve å finne ut kvar det flotte sceneteppet hadde vorte av. Teppet er måla av de folkekjære målaren Jonas Peson.
Knut Hove fortel at han tok til å lure på kvar dette teppet hadde vorte av, særleg fordi det har vore ein del fokus på denne målaren, sidan det i år er 120 år sidan han vart fødd.
Hove er ein av mange stordalingar som hugsar godt mang ei samkome på Breidablik med sceneteppet med motiv frå Stordal som bakgrunn. Her hadde både ungdomslaget og helselaget sine basarar. Ungdomslaget hadde eit populært handskrive blad som vart kalla «Fram». Det er mykje lokal kulturhistorie i dette bladet.
Teppet
Så tilbake til teppet, Storfjordnytt prøvde å ta tak i saka om det forsvunne sceneteppet. Noverande ordførar og dåverande Charles Tøsse burde vere ein passande kar å spørje. Han lovde å undersøkje saka, men kom ikkje særleg vidare.
Neste gong vi snakka med Knut Hove om saka, fortalde han at Ola Stavseng held til på Breidablik med arbeidet sitt, kanskje han kunne vite noko.
Atelier
Neste steg var då å fa tak i Ola Stavseng for å kome på besøk i atelieret hans på Breidablik.
Og det viste seg å ikkje vere noko vanskeleg. Inne i den store salen har han atelier, salen har fått eit heilt anna innhald enn då vi var der sist, ein gong tidleg på 90-talet då det var ungdomsdiskotek.
No er det store plansjar av kroppar i ulike stillingar på scenekanten, og her er gipsmodellar som har vorte støypte i bronse.
Kunstnaren fortel at han har halde til her nokre år, frå slutten på 90-talet. Det er eit lokale han brukar helst når han lagar litt større arbeid. Då han flytta tilbake til Stordal og hadde bruk for eit større lokale, var det ikkje mykje å velje mellom, med fullt køyr på alle fabrikkane. Breidablik har fungert bra for hans behov.
Gammal kunst
Stavseng har laga mange minnesmerke i bronse. Inne i atelieret på Breidablik står det modellar i ulike fasar og vi får ei lita innføring i denne gamle kunsten. Her er plansjar i kroppar i ulike stillingar som viser korleis det er naturleg at ein menneskekropp står. Borte i ei krå står der eit «beinrangel» forma i strengar, som er sjølve grunnlaget etter tekninga. Dette kallar han armeringa. Utanpå armeringa legg han leire føre han tek til å modellere. No følgjer han arbeidstekninga som er basert på studiar etter ein modell. Når modellen er ferdig, vert det heile støypt i bronse.
Arbeid
I tillegg til å vere utøvande kunstnar har Ola Stavseng noko undervisning i bolkar ved
Knustskulen i Ålesund. Han seier det er hyggeleg å ha med motiverte studentar å gjere, som vil kvalifisere seg til høgskuleutdaning. Dessutan synest han det er kjekt å treffe kollegaer, i eit slikt fag vert ein gjerne litt åleine.
Korleis var det å flytte tilbake til Stordal. Saknar du eit miljø?
Etter ei stund saknar du nok eit fagmiljø og kollegaer. Vi kom hit i 1993, og det er klart du må sjå alt i samanheng. Det er ein fordel å bu på ein liten plass når du har små ungar, seier han og legg til at kona, Marianne Ravn Stavseng, har funne seg ein jobb i Ålesund som ho trivst med, der ho er songpedagog.
Så lenge han finn seg arbeid lokalt, er det fint å bu her. Han synest han har vore heldig. Oppdraga har selt seg sjølve.
Sceneteppet
Også Ola Stavseng hugsar godt sceneteppet frå sine unge dagar på Breidablik. Teppet var slik at dei kunne rulle det saman på ein tretein og heise det opp når det var kinoframsyning.
Han har allereie tidlegare vore ein runde for å sjå etter teppet etter at Charles Tøsse bad han om det. Han kika på scena og oppe på galleriet. På galleriet er det stabla ein del saker etter at salen vart rydda, mellom anna ein del kulissar.
Vi tek turen opp gjennom trappene med lommelykt. Stavseng blar litt i dei gamle pappkulissane og lyser bort i alle krær. Han får auga på noko som kan likne. Det er i alle fall ein rull med noko som ligg på golvet langs veggen. Det er ikkje mulig for oss å begynne å rydde vekk alt stengjer for denne rullen.
Charles Tøsse og Knut Hove vert tilkalla. Dei får fram rullen som viser seg å vere nettopp sceneteppet.
Kulturskatt
Måleriet på sceneteppet er naturleg nok ikkje i topp stand. Det er snart hundre år gammalt, måla på strie, og rulla ut og inn mange gonger. Dermed er det naturleg at det ikkje er som nytt.
Knut Hove seier det er ein kulturskatt som ikkje må skuslast vekk. Han synest det kan vere eit passande tema for lesarane i jula å diskutere kva som kan gjerast for å bevare og kanskje friske opp att måleriet. Det er ikkje så mange vegger i Stordal som har plass til dette teppet.
Han seier det ikkje er problem å kjenne att motivet og det er nok mange som får friska opp att gamle minne frå ungdoms-huset når dei no ser att scene-teppet.
|
|
|