Storfjordnytt
Nr. 48 onsdag 19. desember 2007

Scenetepper er funne att

Jaudå, det var det gamle sceneteppet frå det gamle ungdomshuset Breidablik i Stordal som låg rulla saman på galleriet. Les meir

Byggjeskikkpris til Hoelsfossen Elverk

Byggjeskikkprisen 2007 gjekk til Hoelsfossen Elverk. Fire av grunneigarane tok imot prisen. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 47 onsdag 12. desember 2007

Ny runde om skredsenter

Driftsutvalet er positivt til eit forprosjekt om eit nasjonalt skredsenter i Tafjord, men spørsmål om finansiering vart eit tema i debatten. Les meir

Fotballavslutting

Førre tysdag vart fotballsesongen 2007 avslutta med ei tilstelling i Ungdomsklubben i Stordal. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 46 onsdag 5. desember 2007

Årets fotballkommune

Stordal vart saman med Sykkylven i helga kåra til Årets Fotballkommune av Sunnmøre fotballkrets. Les meir

Nyttig skredøving

– Øvingsmålet er oppnådd, så eg vil kalla «Øving skred» for vellukka, sa øvingsleiar Per Brekke i DSB då øvinga vart oppsummert førre torsdag.
Les meir


Storfjordnytt
Nr. 45 onsdag 28. november 2007

Krav om utbetring av vegen til Muriås

Den nye åsevegen er snart klar for bruk, men det hjelper ikkje dei som bur i Muriåsen. No har dei sendt brev til kommunen med framlegg til ny vegtrasé. Les meir

Samling rundt musikk

Det vart skikkeleg trøkk i Stordalshallen laurdag. I tillegg til fire innslag på scena var det diskotek for dei rundt 100 som møtte fram til det rusfrie arrangementet. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 44 onsdag 21. november 2007

Tjolahopp tjolahej tjolahoppsansa

Det var ikkje berre Pippi Långstrump som kom, men Emil, Karlsson, Rasmus og Ronja og fleire til av dei kjende Astrid Lindgren-figurane.
Les meir

Musikkorps i vekst

I år som i fjor, var det mykje fint handarbeid på julemessa til Eidsdal musikkorps, og korpset blir berre betre og betre. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 43 onsdag 14. november 2007

Musikal med Stordal Barnekor

Stordal Barnekor hadde i helga besøk av Jarle Waldemar, komponist, barnekorleiar og barneevangelist busett på Gjøvik. Saman øvde dei heile helga inn musikalen ”Emilie”. Les meir

– Tafjord eit godt alternativ

– Eg kan med glede seie at vi har funne eit godt alternativ til kystbase for Norges Friluftshøgskole i Tafjord, men vi vil òg vurdere andre stader i Norddal og Stranda. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 42 onsdag 7. november 2007

Vil ha vegen inn i planverket

Arbeidsgruppa som er nedsett for å arbeide mot ei ny vegløysing mellom Sjøholt (Valgermo) og Viset på RV 650, har no lagt fram ei forundersøking av alternative vegløysingar. Dei arbeider for å få vegstykket inn i planverket. Les meir

Hornmusikk i mange år

Musikk og humor, mat og dans. Det danna ramma kring festen då Valldal Hornmusikklag feira sine 75 år på samfunnshuset i Valldal sist laurdag..

Les meir


Storfjordnytt
Nr. 41 onsdag 31. oktober 2007

100 år – og like ung

Laurdag var det duka for 100-årsfeiring for Solberg Ungdomslag i Fjørå. Den fullsette salen i ungdomslaget sitt eige hus fekk gjennom ulike innslag med både alvor og skjemt eit innsyn i korleis laget har vore ein del av folket i Fjørå sine liv, i både motgang og medgang og i sorg og i glede gjennom 100 år, frå å vere ei bygd utan veg til utanomverda til å ha veg både utover og innover. Les meir

Skulesaka utsett til budsjettet

Eit fleirtal av Høgre og Framstegspartiet i Stordal gjekk på møtet i førre veke inn for å vente med vidare arbeid med skulesaka til budsjettarbeidet kjem i gang. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 40 onsdag 24. oktober 2007

Har teke kommandoen

«På tide at nokon tek kommandoen» sa Bjørn Inge Ruset i ein annonse i valkampen. No er han på plass på ordførarkontoret i rådhuset.
Les meir

Hall full av musikk

Laurdag var det dansegalla i Stordalshallen. Dansebandet spelte før og etter det som var hovudattraksjonen, Hellbillies. Det gjekk ikkje lang tid etter at dei hadde entra scenen, før hallen i Stordal var godt fylt opp av folk med sans for denne musikken. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 39 onsdag 17. oktober 2007

Blir fylkesordførar måndag

– Det kjem til å bli ein spennande jobb, men også krevajnde med skikkelege utfordringar. Eg går inn i det med litt spenning. Les meir

Framleis positiv til Galerie Tafjord

Formannskapet løyvde måndag pengar til Galerie Tafjord trass i at styret i Tafjord Kraft er negativt til prosjektet. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 38 onsdag 10. oktober 2007

Stordal slo serieleiaren

Stordal slo leiarlaget Godøy laurdag. Det er framleis spenning i 4. divisjon. Les meir

Ny forseinking på Åsevegen

– Vi reknar med at Åsevegen blir ferdig i løpet av neste månad, seier byggjeleiar Odd-bjørn Ringset. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 37 onsdag 3. oktober 2007

Gjer det skarpt i trial

Birgitte Øvrevoll vart krinsmeister samanlagt i trial. Broren Lars-André tok tredjeplassen i si klasse. Fleire andre frå Valldal Trial har også gjort det godt i krinsen. Les meir

Meir plan over Geiranger

Stranda kommune har teke initiativet til få utarbeidd ein tettstadanalyse for Geiranger. Asplan Viak, som var innleigd som konsulent, har no lagt fram ein rapport om arbeidet. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 36 onsdag 26. september 2007

Sommarles ‘07

Som i fjor deltok Stordal også i år i lesekonkurransen «Sommarles» i perioden 11. juni til 18. august. Les meir

Framleis etter læreboka

I gjennomsnitt utvidar fjellet i Åknesremna seg om lag seks centimeter i året, noko som gir om lag ein millimeter i veka. På grunn av regnvêret var aktiviteten større nokre dagar i september. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 35 onsdag 19. september 2007

Ivrige på nyskaping

I førre veke var alle elvane på ungdomssteget i Valldal engasjerte i noko som vart kalla gründercamp. Elevane viste stor kreativitet og iver i å løyse praktiske oppgåver for bedrifter. Les meir

Ikkje noko er avgjort

– Vi har ingen ferdigforhandla avtale. Vi må først sjå kva vi oppnår i samtalane
og blir einige om, seier Fridjon Døving, leiar i Norddal Senterparti om forhandlingane om ordførarverv og heile den politiske kabalen etter valet. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 34 onsdag 12. september 2007

Spenning rundt ordførarvervet i Norddal

Norddalslista er den klare vinnaren av valet i Norddal. Lista får sju representantar i det nye kommunestyret, ein auke på fem. Norddal Arbeidarparti har fått fire mandat i det nye kommunestyret, to meir enn sist. Tverrpolitisk Liste har tre mandat og seier dei vil støtte Ap sin Bjørn Inge Ruset i valet av ordførar. Dei andre partia har ikkje noko einstydig svar på kven dei vil støtte som ordførar enno. Les meir

Tøsse stod til eksamen

Etter fire år som ordførar i Stordal, gav veljarane Charles Tøsse frå Høgre fornya tillit. Kristeleg Folkeparti som er tilbake, tok to mandat frå Sp. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 33 onsdag 5. september 2007

Debatt utan store motsetnader

Fem kvinnelege utfordrarar til kommunestyret fekk vist seg fram for publikum på Muritunet måndag, og alle gjorde eit godt inntrykk. Les meir

Sesongen redda for Peder Vikenes

– Dette var ei stor oppleving for meg, som knapt har hatt tid til å gå i elva tidlegare i sesongen, seier Peder Vikenes i Stordal. På to dagar fekk han tre laksar på 12,5, 8 og 8,2 kilo. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 32 onsdag 29. august 2007

Stampa høgtideleg opna

Eit omfattande prosjekt har det vore. Laurdag kunne dei mange frammøtte gle seg over opninga av stampa ved Stavåna i Stordal. Stampa vitnar om den tidlegaste industrien i bygda. Les meir

Feira 25 år med veg til Tafjord

– Vi drøymer om ei ny og betre tid, song dei i Tafjord for meir enn 25 år sidan, då dei måtte stå i ferjekø og kanskje verte for sein på ferja. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 31 onsdag 22. august 2007

100-årsmarkering i Stordal kyrkje

Torsdag 16. august var det nøyaktig 100 år sidan Stordal kyrkje vart innvigd. Som ein del av 100-årsfeiringa var det denne dagen ei markering i ei skinande oppussa og nymala kyrkje. Les meir

Ein hyllest til naturen

Sist søndag var det opning av Reinheimen nasjonalpark på Slettvikane i Valldal. Ordførarane frå Norddal og Rauma var stolte vertar for miljøvernminister og deltakarar på mange nivå i naturforvaltninga. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 30 onsdag 15. august 2007

Rekordmange på Jordmormarsj

Så mange som 120 registrerte og betalande deltakarar deltok på årets Jordmormarsj laurdag 11. august. Av desse gjekk 85 over fjellet frå Herdalen, og seks–sju av desse att gjekk heilt frå Innset i Norddal. Les meir

Far og dotter Parr i Løsetstova

Fredag var det tid for eit litterært møte under tittelen ”Med ein barndom i botnen” med Vidar og Maria Parr i Prestestova. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 29 onsdag 8. august 2007

Olsokfeiring med ny vri

Laurdag øydela striregn for publikumstilstrøyminga til den nye olsokfeiringa, men arrangementa innandørs samla mykje folk. Søndag kom sola og skapte ei perfekt ramme kring markeringa på Døving og gudstenesta på Alstad. Les meir

Utstillingar i kulturbeitet

Fram til og med 12. august stiller Martin Due ut grafikk under utstillingstittelen ”Strukturar” i Løsetstova i Stordal Bygdetun.

Les meir


Storfjordnytt
Nr. 28 onsdag 11. juli 2007

Avisa i pdf-format


Storfjordnytt
Nr. 27 onsdag 4. juli 2007

Alle rekordar vart slegne

Alle rekordar slått i år òg. Det er konklusjonen etter årets Stordalscup. Les meir

Hyllest til naturen

Evy Bolseth vil med denne utstillinga på sin måte gi ein hyllest til den mektige og magiske naturen og miljøet i Storfjorden og Geirangerfjorden. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 26 onsdag 27. juni 2007

Klar til å byggjemelde hotellet

Erik Berg presenterte måndag Valldal fjordhotell for ordførar og rådmann. Han er klar til å byggjemelde prosjektet, men ventar på byggjeløyve frå høgare hald. Les meir

Ole Paus i Rosekyrkja

Storfjordnytt sin utsende fekk grunna andre presserande gjeremål ikkje med seg meir enn siste halvdelen av forestillinga til Ole Paus i Rosekyrkja førre onsdag. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 25 onsdag 20. juni 2007

Fleirtalet vil vurdere sal

Eit knapt fleirtal på fire mot tre i Stordal formannskap gjekk inn for å tilrå at aksjane i Ørskog Energi skal leggast ut for sal. Les meir

Opna Eidsdal Kraft

– Det er godt potensial i å byggje småkraftverk, og de var farleg nær noregsrekord i utbyggingstid òg, sa stats-råden då han stod for den offisielle opninga av Eidsdal Kraft – det største privateigde kraftverket i landet. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 24 onsdag 13. juni 2007

Trampe-klapp for Odd Johan

Spennande arrangement, flott korsong og komp. Ei fin avslutning på ein varm sommardag for den som møtte til årets første arrangement i Kyrkjehola Kulturbeite søndag. Les meir

Tusen på tur

Om lag tusen menneske og nokre hundar tok del på stemnet til Storfjordens Venner på Kvennhusneset søndag. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 23 onsdag 6. juni 2007

Prekær bustadmangel i Norddal

– Vi veit om 15-20 personar som ynskjer å flytte hit, men som ikkje har nokon stad å bu, seier Kristin G. Sandnes, leiar for
busetjingsprosjektet. Les meir

Songen langs fjorden

Kyrkjehola Kulturbeite i Stordal inviterer til konsert med Ålesund Kammerkor i samarbeid med Storfjordens Venner. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 22 onsdag 30. mai 2007

Prisen gjekk til måling

I 2005 fekk Carolin og Gunnar Inge Eide byggeskikkprisen frå Norddal kommune. Det er no to år sidan dei flytta til Eide og har ikkje angra på det. Les meir

50-årsjubilant i HUNDRE

Dei fleste som bur her i indre strøk av Storfjorden, har vel enten nytta seg av tenestene deira, vore ute og køyrt og møtt ein av bilane deira eller sett dei arbeide langs vegane. Vi snakkar om Busengdal Transport som i år har 50-årsjubileum og aldri før har hatt meir å gjere enn no. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 21 onsdag 23. mai 2007

Sjølvlaga skodespel om samar

– Det handlar om dei gamle samane, den gongen dei dreiv med jakt med spyd og ikkje hadde snøscooterar. Les meir

Bilder frå 17. ma

Kommunalt eigedomsselskap

Kommunestyret har vedteke etableringa av eit kommunalt eigedomsselskap og valt det første styret. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 20 onsdag 16. mai 2007

Pedagogisk verdsarvdugnad

10. mai fekk verdsarvområdet 30 elevar frå Stranda vgs på besøk i samband med ein pedagogisk dugnad. Les meir

Kinesisk akupunktursenter opna

Fredag fekk Stordal ein ny tilvekst til det stadig aukande tilbodet rundt helse og velvære. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 19 onsdag 9. mai 2007

Held krattet unna

– Vi heldt på å gro inne, seier Eldar Busengdal. Saman med Stig Busengdal har han no ein buskap på rundt 20 kashmirgeiter på tredje året. Les meir

Hopp i det no!

Oppmodinga går til dei som vurderer å starte eiga verksemd. Då opninga av hoppid-kontoret i Fjordhagen vart markert førre onsdag, hoppa både ordførar og næringssjef i sjøen. Dei kom fort opp att.

Les meir


Storfjordnytt
Nr. 18 onsdag 2. mai 2007

Ny vår

Torsdag heldt elevar konsert med vårleg preg på omsorgsbustaden i Liabygda. Les meir

– Ei form for snikhyttebygging

Mange prøvde fiskelykka under konkurransen i Valldal i helga. Berre ein fekk sjøaure, og det var Karl Hoel. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 17 onsdag 25. april 2007

Får draumen oppfylt

– Espen sin store draum har alltid vore å få drive kafé og pub, seier Britt Ingunn Maurstad. Les meir

På jakt etter storfisken

Mange prøvde fiskelykka under konkurransen i Valldal i helga. Berre ein fekk sjøaure, og det var Karl Hoel. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 16 onsdag 18. april 2007

Arbeidet med kunstgrasbane i gang

Fredag i førre veke sette Busengdal maskinene i sving på Kirkebø stadion. Det er no ni-ti veker til årets Stor-dalscup, og då skal ein etter planen kunne halde turneringa på ferdig lagt kunstgras. Les meir

Lokal mat på alle fat

Fire rettar i tillegg til dessertar klarte dei to kokkane Mindor Klauset og Kenneth Løken å koke saman av mat dei henta frå de
store utstillinga av lokalprodusert mat. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 15 onsdag 11. april 2007

Mellom to permar

Familien Eisma flytta til Norge og Stordal i 2004, og her har dei tenkt å verte verande. Lottie er utdanna bokbindar, eit handverk som ho gjerne vil drive meir med. Les meir

Den evige fonnfaren

Jamtefonna har både teke liv og gjort store materielle skadar. Naturkreftene klarer vi aldri å temje. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 14 tysdag 3. april 2007

Kva er Geiranger?

Geiranger skal vere verken Disneyland eller eit friluftsmuseum der alt blir verna. No skal det lagast ein plan som både kommunen og innbyggjarane skal ha i bakhovudet i tida framover. Les meir

Hjalmar snart 100 år

På open omsorg i Valldal, på eit rom nedst i gangen, finn vi Hjalmar Hatlestad. Seinare denne månaden fyller han 100 år. For vel eit sidan måtte han amputere den eine foten, men før den tid, var han ute og gjekk både sommar og vinter. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 13 onsdag 28. mars 2007

Vårstemning i kyrkja

Etter ein strålande søndag var det godt å setje seg ned på ein kyrkjebenk å ta imot vårstemning i ord og tonar. Les meir

Ordførarkamp i Senterpartiet

På nominasjonsmøtet i Norddal Senterparti vart det kamp mellom Merete Løvoll Rønneberg og Arne Sandnes om å stå øvst på lista. På førhand hadde Senterpartiet fått meir enn hundre nye medlemmer og 122 røysteføre møtte fram på kafeen i Eidsdal torsdag kveld. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 12 onsdag 21. mars 2007

Bustader øvst på ønskelista

Ikkje uventa er gjennomgangsbustader og arbeidsplassar viktigast for ungdom som vurderer å flytte heim.
– No har vi dokumentasjon og må kome over til handling, seier næringssjef Toralv Klokkehaug. Les meir

Leiarskifte i Storfjordens Venner

Storfjordens Venner heldt årsmøte i Valldal sist laurdag. Asgeir Kvernberg vart vald til ny leiar etter Anne Lise Lunde som hadde sagt frå seg attval. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 11 onsdag 14. mars 2007

– eit levande kulturminne

I juni 2005 vart Hoelsfossen elverk AS stifta. Fire gunneigarar og tre andre engasjerte har gått saman om aksjekapital, og vona er at på to-årsdagen for selskapet skal dei produsere straum. Les meir

Gode resultat

Det vart svært gode resultat for Stordal sine unge alpinistar på Landsfinalen for 12- og 13-åringar på Voss i helga som var. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 10 onsdag 7. mars 2007

Severinbrauta med digitale foto

Kari Remvik, opphavleg frå Eidsdal, har saman med andre ivrige lokalhistorieinteresserte samla inn og skrive 56 sider lokalhistorie knytt til 503 bilde frå Severinbrauta. Nærare 400 av bilda er no tilgjengelege på det digitale fylkesfotoarkivet. Les meir

Kryssar fjorden

Sist laurdag kunne ein sjå kabelfartyet “Nautilus Maxi” på Norddalsfjorden. Denne dagen la dei fiberoptisk kabel frå Norddal til Linge. Onsdag eller torsdag i denne veka kjem dei tilbake for å legge kombinert høgspent og fiberoptisk kabel frå Linge ferjekai til Eidsdal.
Les meir


Storfjordnytt
Nr. 9 onsdag 28. februar 2007

Ny tilvekst i næringslivet

Ein ny tilvekst til næringslivet i Stordal er VadCo, med tilhald i samme bygget som laminatprodusenten Hove Møbler AS og møbelverksemda VAD AS. Les meir

Først ute med tilbod

Muritunet er ein av dei første i landet med eit gruppetilbod til kvinner med alvorlege bekkenproblem etter fødsel. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 8 onsdag 21. februar 2007

God stemning hoppbakken

Søndag vart Stordalsrennet arrangert i Fjellbakken, med stor deltaking i dei yngste klassene. Les meir

Kabary med kjærleik først og sist

Tema for den sjuande kabaryen til ungdomsskuleelevane i Valldal var kjærleik. Eit rikt utval av tekstar hadde dei funne fram og framførte i med både stil og humor. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 7 onsdag 14. februar 2007

Eidsdal – ei triveleg bygd

Når nokon kjøper fleire hus og vurderer å kjøpe kafeen i Eidsdal, ja då lurer folk. Og når vedkomande ikkje har relasjonar til bygda, ja då vil ein vite kva dette er for noko. Frode Rørhus er ein sunnmøring så god som nokon, busett i Oslo og driv for det meste med utvikling av eigedomar. Les meir

God på heimebane

Sist laurdag var det to Super G-renn på Overøye i Stordal. Det eine rennet var eit reint kretsmeisterskap og det andre var kvalifisering til Hovudlandsrenn og landsfinale, renna tel i kretscupen Les meir


Storfjordnytt
Nr. 6 onsdag 7. februar 2007

– Flaks har hindra ulykke

– Det er berre flaks at ingen har vorte treft av alt som rasar ned frå fjellsida, seier Unni Bjørnstad. Les mei

Licence to play

Med nesten fullsette stolrader i Stordalshallen gjekk helikopteret inn for landing utanfor, direkte overført på storskjerm inne i salen. Og til applaus kom kveldens dirigent, Lars Kaggerud, sannsynlegvis lett shaken, but not stirred, joggande inn i salen Les meir


Storfjordnytt
Nr. 5 onsdag 31. januar 2007

Rasfaren er stor på indre strok

Like etter midnatt natt til tysdag gjekk det eit ras som stengde vegen mellom Fjørå og Tafjord. Vegen vart opna att tysdag føremiddag.
Les meir

Eigen sokneprest

Nils Beite heiter den nye soknepresten i Stordal, og han er den første Stordal sokn har kun for seg sjølv. Fram til no har Stordal hatt felles sokneprest saman med Ørskog, og tidlegare også saman med Stranda. Nils Beite var tidlegare prostiprest, og jobba då rundt i heile prostiet. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 4 onsdag 24. januar 2007

Uredd ungdom

Søndag var det ungdommens kulturmønstring i Stordal. 10. klasse ved Stordal skule var arrangør, noko dei greidde på ein flott måte. Arrangementet synte at det er nødvendig å ha tilstellingar for ungdom som driv med ymse uttrykksformer Les meir

– og om ikkje lenge kjem gjestene

Ved Union Hotel i Geiranger er det stor aktivitet for tida. 17. desember starta dei opp og 27. februar kjem dei første gjestene. Lokale handverkarar og hotellmedarbeidarar er i sving frå tidleg til seint, kvar dag. Les meir


Storfjordnytt
Nr. 3 onsdag 17. januar 2007

Debatt om klostervedtak

– Eg meiner vi skal ha respekt for politikarane som har gjort vedtaket. Det står ingenting om å sende ein delegasjon til Hellas, sa Signe Brenna då formannskapet diskuterte kulturutveksling med Hellas.
Les meir

Skitrekket er opna for i år

Den siste tida har det kome nok snø til at Arena Overøye laurdag kunne starte opp trekka og opne bakkane sine for publikum.

Les meir


Storfjordnytt
Nr. 2 onsdag 10. januar 2007

Gratis mjølk i eit heilt år

– Oss slepp å betale, strålar ein av dei fire gutane mot Else på Joker-butikken i Stordal. Dei fyller små handlevogner med mjølk og har nettopp fått vite at dei har fått eit heilt års forbruk av Se og Hør.
Les meir

Fokus på Olav den heilage

– Det er interesse for å ta opp Heilag-Olav i full breidde som eit viktig element i presentasjonen av Norddal kommune.

Les meir


Storfjordnytt
Nr. 1 onsdag 3. januar 2007

Grendacup med nye innslag

Den tradisjonelle grendacupen i Stordalshallen gjekk som vanleg av stabelen 3. juledag, og stordalingane nytta høvet til å kompensere noko for all den gode julematen og godstolsetinga i jula. Les meir

Breiband til folket

Breiband, bustader og bibliotek står på ynske-lista til ungdom som kanskje kjem heim. Les meir