Åtte ungar utan plass i Syltebøen

I alt fire ungar frå Valldal har fått tilbod om plass i Dalsbygda barnehage med organisert følgje. Endå fire ungar kjem til å mangle plass i løpet av dei første månadene i år.

8. januar 2009
Randi Flø

Linda Gjerde Myren ynskjer seg barnehageplass til sonen Jørn Marius i Fjørå fram til august.


“Dersom de ønskjer det, kan det organiserast eit tilbod i Dalsbygda. Då vil det vere oppmøte på Syltebøen kl 07:15. Norddal kommune vil vere ansvarleg for skyss med følgje til Dalsbygda (ferje kl 07:30). Tilbake vert det ferje kl 15:35, og då vil ein vere på Syltebøen om lag kl 16. Eit alternativ kan sjølvsagt vere at ein tilpassar å nå ei ferje seinare om morgonen. Dette kan starte opp så snart personalet er på plass etter nyttår.”
Slik heiter det i eit brev som er sendt til foreldra til ein av ungane som har fått tilbod om plass ved barnehagen i Dalsbygda. Dei søkte om plass ved Syltebøen barnehage for ein eittåring.

Utvida
I eit notat frå barnehagekonsulent Turid Aspehjell som orientering til formannskap og driftsutval, heiter det at ein frå januar har utvida talet på plassar i Syltebøen så mykje som råd. Det vil seie at dei har teke inn born i høve til dei som fyller tre år i løpet av våren. Elles har dei utnytta talet på pedagogisk personal og areal maksimalt i høve til lova og vedtekne reglar.
Mellom dei som hadde søkt om utvida plass, fekk fem ungar utvida plassen med det dei hadde søkt om og tre vart delvis imøtekomne. Fem born fekk tilbod om plass, prioritert etter alder. Fire born fekk tilbod om plass i Dalsbygda, der det vert organisert skyss med følgje.
Dei som enno ikkje har fått tilbod om plass, er eit barn som ønskjer full plass frå 1. februar og eitt frå 1. april. Også dei vil få tilbod om plass i Dalsbygda. To utanbygds born har enno ikkje fått plass, det er folk som har planar om å flytte til Norddal.
Turid Aspehjell seier at det er mange ledige plassar i Dalsbygda. Det varierer frå dag til dag i veka. Dersom det skal takast inn fleire ungar i barnehagen i Dalsbygda, treng dei å utvide personalet med ei assistentstilling.

Fjørå
Linda Gjerde Myren meiner det no må arbeidast for å opne skulen i Fjørå for barnehage fram til august. Det kan gjerast ved å søkje om dispensasjon når det gjeld førskulelærar.
Ho ser føre seg mange praktiske problem i samband med å sende små ungar frå Valldal til Dalsbygda. Mellom anna må dei ha bilstolar som gjer at ungane kan sitje bakover. Det tek lang tid å flytte slike stolar over frå ein bil til ein annan. Ho ser også problem med at det må bli faste tider for oppmøte og henting.
– Det er svært lite aktuelt å sende ungar på den mest rasutsette strekninga i kommunen, seier ho.

Politiske signal
Linda meiner at administrasjonen har fått dei politiske signala før om at det er ønskje om å opne barnehage i Fjørå for å løyse dei akutte problema. Ho meiner det er tydeleg at administrasjonen ikkje vil dette, men veit ikkje kvifor.
– Det er ikkje noko attraktiv løysing med eit slikt barnehagetilbod. Her er det brukt tusenvis av kroner på omdømebygging og så følgjer vi ikkje opp i praksis, seier Linda og konkluderer med at framlegget frå administrasjonen ikkje er noko reell løysing.
– Vi må få til ei løysing til beste for ungane og som gjer det attraktivt for dei som skal flytte hit, seier ho og lovar at det vert jobba vidare med saka.