Møbelindustri i motbakke

Ved inngangen til 2009 er dei ved dei fleste møbelbedriftene i Stordal spente på korleis marknaden vil utvikle seg. Bakgrunnen er sjølvsagt den usikre situasjonen i finansverda.

8. januar 2009
Randi Flø

Ole Håvard Stavseng seier at dei har merka finanskrisa og tilpassa kapasiteten til fire dagars veke ved Stordal Møbler. Arkivfoto

Ei rundspørjing ved fabrikkane viser at dei ser på året vi nettopp har gått inn i, med noko ulikt syn. Stort sett er det skilnad på kva marknad dei produserer for.

Ikkje opplevd før
– Det er klart det er ikkje lett å spå, ein slik situasjon som verda er i i dag, har ikkje vi opplevd før, seier Geir Hoff ved Sitwell.
Dei 18 tilsette produserer sofagrupper og kvilestolar for godt vaksne, først og fremst i den private marknaden. Hoff seier at dei har nok ordrar å jobbe med no.
– Ser du føre deg reduksjonar?
– Vi har ikkje gjort noko i den samanheng no, men eg tør ikkje spå for våren. Førebels har vi arbeid, seier Hoff som synest det som skjer globalt gjer situasjonen vanskeleg. Dei har ikkje opplevd slikt før og har dermed ikkje noko å samanlikne med.

Permitteringar
Ved Hove Møbler som produserer laminat til Hjellegjerde, er det folk som er permitterte på den måten at dei arbeider to dagar i veka. Dei som er oppsagde, skal arbeide ut oppseiingstida. Ottar Røren veit ikkje noko meir om kva som skal skje, men er spent på det.

Litt usikkert
Helland Møbler har totalt vel 80 tilsette. Deira marknad er kontraktsmøblar, som i all hovudsak går til den offentlege sektoren.
Dagleg leiar Magnar Skjellum seier at dei ikkje merkar så mykje utover det at det er litt usikkert generelt.
– Det er sagt frå politisk hald at dei vil satse på ekstraordinære tiltak. Det står att å sjå kva, seier Skjellum, som kan vise til ein normal ordresituasjon.
Han reknar med at dei vil oppleve dei normale svingingane med at det vert noko rolegare utpå vårparten for igjen å ta seg opp att frå hausten.

Ein dag i veka
Ved Stordal Møbler har dei innført fire dagars veke, som vil vare no i januar og februar.
Ole Håvard Stavseng seier at dei har merka finanskrisa og tilpassa kapasiteten på den måten.
Samstundes vel dei å satse offensivt. Dei har tilsett to nye når det gjeld sal på Tyskland og ein på Sverige. Stavseng fortel at det no går slag i slag med messe, først i Køln, så i Paris og til slutt i Stockholm i starten av februar. Etter at messene er over, trur han det vil bli lettare å seie noko om situasjonen vidare framover.
Stordal Møbler har om lag 80 tilsette. Dei produserer møblar for den private marknaden, der 50 prosent går til eksport. Stordal Møbler har investert mykje siste åra. Det har vore mange prosjekt når det gjeld design, merkevarebygging og konsept.
– Dette har vi gjort for å kunne posisjonere oss og fått bra respons, seier Stavseng.
Også Vad AS har innført arbeid fire dagar i veka, i første omgang til og med januar månad.