Ord som fall i fjor

Ikkje alt som skjer, står i avisa. Ikkje alt som står i avisa, skjer. Her er hendingar frå 2007.

04. januar 2008
Sissel Tiril Rem

Så vart det til slutt endeleg klart at Bjørn Inge Ruset (Ap) vart ny ordførar i Norddal etter Arne Sandnes.

Januar
I slutten av januar stengde eit snøras vegen mellom Fjørå og Tafjord. Ei fonn øydela vassforsyninga frå Berdøla. På Union Hotel i Geiranger var det stor ombyggingsaktivitet. Tannlegekontoret på Sylte hadde endeleg fått ny tannlege. Servicetorget i Norddal kommune feira dei fem første åra.
Koret Tonika inviterte til kulturkveld på bedehuset i Stordal med innslag frå fleire land.
Endeleg var det nok snø til at Arena Overøye kunne opne. Stordalshallen feira 10-årsdag. Nils Beite vart tilsett som sokneprest for Stordal sokn.

Februar
Under bispevisitasen tok fungerande biskop Øystein Bjørdal opp spørsmålet om Norddal burde ha to sokn. I Liabygda brukte dei ballbingen som skeiseis. Fjordhagen starta eit busetjingsprosjekt. Den 22. februar var det 100 år sia to snøskred tok tre liv på Vesterås og ti liv på Holebakk i Geiranger på mindre enn eitt døgn.
Hornmusikklaga i Stordal og Valldal samarbeidde om ei framsyning med gjestevokalistar og musikken frå James Bond-filmane. Ungdomsskuleelevane i Valldal framførte sin årlege Kabary med kjærleik som tema. Den årlege hallfesten kom øvrebustarane godt frå.
Hans Martin Gjedrem vann begge noregscuprenna i Steinkjer og vart utteken til EM i Bulgaria der han tok to sølv. Valldalen.no inviterte til folkemøte om ideen med ei vandring frå fjord til fjell frå Sylte til Trollstigen.

Mars
Hoelsfossen Elverk tok form. Valldal Grønt lanserte planen for eit fjernvarmeanlegg på Grandane. Varaordførar Merete Løvoll Rønneberg utfordra ordførar Arne Sandnes, men måtte sjå seg slått i nominasjonsprosessen i Senterpartiet.
Valldal bygdekvinnelag runda 75 år som eitt av dei eldste bygdekvinnelaga i landet. Kjersti Døving vart utnemnd som æresmedlem i laget. Asgeir Kvernberg tok over etter Anne Lise Lunde som leiar for Storfjordens Venner. Ungdomskoret Respons heldt konsert på Ung fredag. Koret og hormusikken i Stordal sørgde for vårstemning i kyrkja etter ein strålande søndag.
Tommy Lianes tok sølv i Hovudlandsrennet i hopp for 15- og 16-åringar. Hans Martin Gjedrem gjorde sitt beste internasjonale løp med ein tredjeplass i eit verdscuprenn i Lahti.

April
Eit stort steinras ved K5 i Tafjord knuste deler av anlegget. Nomineringsprosessen viste at halvparten av lokalpolitikarane i Stordal og Norddal tok attval.
Muritun-direktør Espen Remme var stolt då han inviterte til oppstarts- og orienteringsmøte om Storfjord Helsesenter. Hjalmar Hatlestad fylte 100 år. «Alt for Norddal» var tema for den årlege NIL-festen i Norddal. Kulturtimen var eit nytt innslag i regi av Kraftsenteret.
Lars Petter Hauge gjekk til topps i tremila i militært NM. Joakim Helland vart krinsmeister i hopp for senior i Fjellbakken. Det tradisjonelle kostymerennet samla mange i Eidsdal. Valldalsmeisterskapen på ski vart historisk då fristil for første gong stod på programmet. Lidvard Gjerde fekk premie for å ha teke 50 godkjende skimerke. I Stordal sette dei i gang arbeidet med kunstgrasbana på Kirkebø stadion.

Mai
Britt Ingunn Maurstad og Espen Heitmann tok over kafeen i Eidsdal. Representantar frå to departement kom på synfaring i samband med den nye 132 kv kraftlina frå Valldal til Giskemo. Norddal kommunestyre vedtok å skipe eit eige eigedomsføretak. I Stordal opna sørkoreanske Byung Hwan akupunkturklinikk.
Elevane ved Tafjord skule laga «Tafjordposten» som vart trykt i Storfjordnytt. Kulturskulen i Norddal lanserte nye fleire nye tilbod, men dans vart mest populært. Anne Sofie Linge Valdal gav ut debut-cd med gruppa Fribo. På Fjordsenteret presenterte tre blad Fagermo på den tradisjonelle kunstutstillinga. 17. mai vart feira i strålande sommarvêr.
Busengdal Transport feira sine første 50 år. Gudbrandsjuvet kafé vart endå meir historie då brannvesenet brende han ned.

Juni
Storfjordens Venner inviterte til opne hus på Skageflå. Vårskjelven gjekk av stabelen med bakkeløp i Syltegata. Tusen menneske møtte opp då Storfjordens Venner la sommarstemnet sitt til Kvennhusneset. Nærmat i Liabygda la ned drifta etter tre år.
Styreleiar Magne Skudal lanserte eit omteikna Galerie Tafjord med galleriet i ein smaragd hengande i fjellveggen. Biblioteket i Stordal inviterte til «Sommarles» i år òg. Odd Johan Overøye vart møtt med trampeklapp på sesongopninga av Kyrkjehola kulturbeite. I Geiranger tok dei spreke seg frå fjord til fjell i Geiranger Halvmaraton, Flydalsjuvet Miniton og Nibberittet. Jenny Hoel fylde 100 år. Skuleavsluttinga ved Tafjord skule vart spesiell sia det var den siste. Frå hausten byrja elevane ved Valldal skule. Eidsdal skule feira 20 år i lokala sine.
Midtsommardagane hadde eit nytt innslag: kapproping i gamle båtar. Oddbjørn Aarset hadde sin siste tur som bussjåfør etter nærare fire tusen turar på Dalsnibba. På kaia i Fjørå vart planane for ei naturbasert reiselivsutdanning lansert. Hotellinvestor Erik Berg sa han snart var klar til å byggjemelde Valldal Fjordhotell.

Juli
Kommunestyret i Norddal vedtok å endre namnet på tettstaden frå Sylte til Valldal. Rotsnutebilla såg ut til å ha skadd jordbæra så mykje at forsøksringen såg for seg ein avlingssvikt på 100 tonn. Den nye ferja som skulle erstatte B/F «Voksa» mellom Valldal og Geiranger, var for stor for dei internasjonale tryggingsreglane i Geiranger. Gamleferja måtte difor trø til eit år til. For første gong på ni år var det overløp på Zakariasdammen. Statsråd Åslaug Haga kom til Nysetra med 1,2 millionar kroner til kulturlandskapsprosjektet.
På Galleri Morellsteinen stilte Evy Bolseth ut måleri som ein hyllest til naturen. Omenås musikkfestival vart halden som før og Stian Omenås fekk Gnist-stipendet på 100.000 kroner frå Sparebanken Møre. Eit nytt musikktilbud i år var Kulturgytinga i Olagarden i Tafjord . Kulåfestivalen hadde «Smokie» som hovudattraksjon. Dei samla 850 menneske fredagen. Eit filmteam frå Polen var i Stordal og filma elvefiske. Den nye olsokfeiringa baud mellom anna på vikingar på fjorden, Berge Furre i kyrkja, avduking minnestøtta over Døvings Capel og friluftsgudsteneste i Burtigarden.
Alle rekordar vart slegne på årets Stordalscup. Motbakkeløpet Mefjellet opp vart arrangert for første, men sikkert ikkje siste gong. Rulleskistafetten hadde lagt løypa til Syltegata. Jordbærdilten samla over 360 personar.

August
Jordmormarsjen hadde rekordmange påmelde. Stordal kyrkje markerte 100-årsjubileet på fleire vis. 34 nye førsteklassingar vart helste velkomne på skulane våre. Miljøvernminister Helen Bjørnøy stod for den offisielle opninga av Reinheimen nasjonalpark på Slettvikane.
I Stordal vart stampa ved Stavåna høgtideleg opna og sett i gang. I Taford vart K7 i Saudebotnen offisielt opna. Valkampen var i gang med intervju med alle listetoppar.

September
Norddalslista fekk flest røyster ved valet, men likevel var det uvisst kven som ville få ordførarvervet. I Stordal var det ingen tvil om at Charles Tøsse skulle halde fram som ordførar.
Ungdomsskuleelevar i Valldal fekk mange utfordringar på gründercamp i samarbeid med Fjordhagen. Statens vegvesen fekk Norsk kulturarvs ærspris for arbeidet med nasjonal turistveg.
Elevar på Dalsbygda skule inviterte gjester for å smake på fruktene frå hausten. Hjortejakta starta godt med mange felte dyr. Ungdomsrådet i Norddal arrangerte Ung helg med aktivitetar som padling, paintball, musikk og handverk. Norsk kulturarv besøkte mellom anna den gamle stampa ved Stavåna i Stordal.
Storfjordlangrenn hadde første berrmarksamling med base på Omenås. Birgitte Øvrevoll vart krinsmeister i trial samanlagt. Fleire i Valldal trial fekk gode plasseringar.

Oktober
Elevar ved Stranda vidaregåande skule hadde verdsarvskule i Geiranger. Erling Rødal i Fjørå har bygt ei grindløe ved Ruggå som er open til bruk for alle. Dei fleste i området kunne frå 1. oktober sjå fjernsyn via det digitale bakkenettet. Fredagskafeen ved VTS markerer 20-årsdagen. Turistforeininga inviterte til fotokurs på Kaldhussetra. Ruggå 4H markerte 10-årsdagen på haustfesten i Fjørå. Norddal kommune etablerte eit næringsfond for ungdom. 100-årsdagen til Solberg UL vart markert i ein fullsett sal på Fredheim. Mellomsteget ved Eidsdal skule inviterte representantar frå alle dei nordiske landa då geografi stod på vekeplanen.

November
10. klasse ved Stordal skule var på besøk i redaksjonen og la att mykje stoff til. Valldal hornmusikk feira 75-årsjubileet på samfunnshuset. Stordal barnekor framførte musikalen «Emilie» på bedehuset. The Happy End inviterte til haustmarknad og vilthelg. I Stordal hadde skulekorpset og hornmusikken stor suksess med musikkspelet «På loffen i Astrid Lindgrens verden» med mange unge songsolistar. Norddal kommune gjennomførte ei omdømmekartlegging. Mellomsteget ved Valldal skule opna kunstutstilling på Kraftsenteret. Siste helga i november samla ungdommen seg på Stordalstrøkk med lokale musikkrefter.

Desember
Stordal vart kåra til Årets fotballkommune. Reguleringsplanen for Murigrandane vart presentert på eit ope møte. I Tafjord var det flyttesjau då biblioteket vart flytta frå skulen til ungdomshuset. Den nasjonale «Øving skred» testa beredskapen i samband med eit mogleg skred. Fiskesjukdommen VHS vart påvist ved eit oppdrettsanlegg i Storfjorden. Andershaugen barnehage måtte løyse mysteriet med ei merka badeand som dei fann i fjorden.
Kulturprisen i Norddal gjekk til Solberg UL. Byggjeskikkprisen gjekk til Hoelsfossen Elverk. I Stordal vart kulturprisen delt i to. Den eine gjekk til Knut Vinje for restaureringa av stova i Karnelesgarden. Den andre gjekk til Ålesund Jeger og Sportsfiskerforening for arbeidet med garden Korsadal. Eidsdal musikkorps tok opp att suksessen med «Jul i skomakergata».