Stordalsjenter til topps i Oslo

Med 25 deltakar på slalåmrenn på Stranda laurdag og 26 påmelde på storslalåm same staden søndag – i tillegg til to deltakarar på parallellslalåm i Oslo laurdag, kan ein trygt seie at alpin-sesongen er godt i gang for dei aktive alpinistane i Stordal IL.

09. januar 2008
John Kristian Hjelle

Dei to jentene som tok første og andre plass i Oslo på laurdag, og første og andre plass i storslalåm på Stranda søndag. Til venstre Andrea Vinje Tøsse og til høgre Kristiane Nakken. Bildet er teke på Stranda søndag.

Laurdag deltok Andrea Vinje Tøsse og Kristiane Nakken på eit renn i parallell-slalåm i Oslo med deltakarar frå mellom anna Bærum, Lommedalen og Ready. Arrangør var Bærums Skiklubb, og i klassa dei deltok i var det 27 jenter som stilte til start kan vi lese på Stordal Alpin si heimeside.

Dobbeltsiger
Dei to jentene frå Stordal tok her dobbeltsiger etter å ha køyrt mot kvarandre i finalen. Dei vann kvar sin omgang, men Kristiane var ein hundredel betre samanlagt. På heimesida kan vi vidare lese:
– Dette bør vere ein stor inspirasjon for dei mange andre yngre alpinistane i klubben vår. Det er også en bekreftelse på at det vi held på med her i den vesle bygda vår ikkje er så “raualaust gale”, samanlikna med meir kjende klubbar og alpinmiljø kring i Norges land...

Gode plasseringar
Arrangørar på Stranda var Spjelkavik IL si alpingruppe. Stordal IL stilte med løparar i dei fleste klassene, og frå og med klasse 11 år var det teljande resultat.
Mellom Stordal sine løparar tok Ingrid Busengdal 1. plass i klasse 12-13 år, Kristina Maridal 4. plass i samme klasse, Kine Kvammen Tøsse 1. plass i klasse 11 år, Erika Holand Tøsse 1. plass i klasse 14-15 år, Vegard Busengdal 2. plass i klasse 14-15 år og Adrian Nakken 4. plass i samme klasse. I storslalomrennet på søndag vart det tre gongar Stordal i klasse jenter 11 år; Kristiane Nakken på 1., Andrea Vinje Tøsse på 2. og Kathrine Nakken på 3. plass. Ingrid Busengdal tok ein ny 1. plass i 12-13 års klassa, medan Kristina Maridal også her kapra 4. plassen. Mellom gutane tok Jørgen Vinje Tøsse 3. plass i klasse 14-15 år.