Eigedomsselskapet i støypeskeia

– Vi er i støypeskeia. Å finne forma kjem til å ta litt tid. Vi har mange oppgåver å ta tak i, seier dagleg leiar Arne Krohn i Norddal Eigedomsselskap KF.

09. januar 2008
Sissel Tiril Rem

Lagnaden til Gamlebanken er enno uviss. Arne Krohn var tysdag på synfaring i lokalet som vart bygt av Norddal Sparebank i 1932. Huset står ikkje øvst på prioriteringslista til Norddal Eigedomsselskap KF.

Den 1. januar i år vart Norddal Eigedomsselskap KF operativt. Selskapet har overteke fire vaktmeistrar frå FDV og 12 reinhaldarar frå skular, barnehagar, rådhus m.m. Dagleg leiar Arne Krohn var på plass alt i oktober, og har førebels kontor i andre høgda på rådhuset.

Eigen økonomi
Norddal kommunestyre vedtok i sak av 8. mars 2007 at alle kommunale eigedommar skulle skiljast ut i eit eige selskap/kommunalt foretak. Selskapet er registrert i Brønnøysundregistret, har eige styre, eigen dagleg leiar og eigen økonomi med budsjett og rekneskap.
– Styret rapporterer til kommunestyret og eg rapporterer til styret. Vi ligg litt på sida av den kommunale administrasjonen, som eit eige styrande organ, forklarer Arne Krohn.
– For å få det til å gå rundt, må vi ha eit system, ein administrasjon. Vi kjøper tenester frå servicetorget, økonomiavdelinga og IKT.

30.000 kvadratmeter
Norddal Eigedomsselskap har overteke 30 kommunale bygningar på om lag 30.000 kvadratmeter til saman. Verdien av bygningane er den som stod i rekneskapen per 31. desember 2007. I tillegg følgjer ein del eigenkapital, lån og andre forpliktingar med.
Driftskapitalen er dei løpande husleigene leigetakarane betalar for skular, barnehagar og næringsbygg.
– Vi må gå gjennom føresetnadene for avtalane for eigedomane. Norddal kommune har ein del forpliktingar, så vi må ha ein dialog om korleis vi skal handtere det. Eigedomsselskapet må ha balanse mellom inntekter og utgifter.
– Kva skjer om ein leigetakar har fått subsidiert husleige frå kommunen?
– Vi må balansere utgifter og inntekter. Om kommunen vil subsidiere nokon, må dei ta dei pengane frå andre budsjett.
Førebels har ikkje selskapet fått kartlagd tilstanden til eigedomane.
– Vi har ikkje fått gjort så mykje av det. Tida har gått med til å skape organisasjonen og lage rutiner for selskapet. No skal vi arbeide meir mot brukarane og ha fokus på det som eigedomsselskapet har ansvar for, det vil seie forvaltning, drift og vedlikehald av eigedommane, seier Arne Krohn.

Drift og vedlikehald
I vedtekene til Norddal eigedomsselskap er føremålet at selskapet skal vere ein reiskap for gjennomføring av bustadpolitikken til kommunen og sikre at kommunen har føremålstenlege bygningar for den øvrige verksemda og tenesteytinga. Føretaket skal syte for bygging, forvalting, drift og vedlikehald av desse bygningane og eigedomane i samsvar med gjeldande reglar og forskrifter.
– Vi har òg ansvar for tomteomsetnaden og eigedomar som Tafjordbadet. Vi har mange oppgåver og skal vere i prosessen kring nybygg og planlegging. Vi må òg få eit system på vedlikehaldet av bygningane. Vi skal ha ei tilfredsstillande forvalting av eigedomane, og må få til forvalting, drift og vedlikehald innanfor dei økonomiske rammene, iallfall innanfor totalramma vår.
– Kan det bli snakk om å selje eigedommar?
– I prosessen må vi gå gjennom eigedomane utifrå føremålet til selskapet: å gjennomføre bustadpolitikken og ha ei føremålstenleg tenesteyting. Eventuelle sal må sjåast i samanheng med hvilke behov kommuna har. Det er dei tre F-ane: foredle, forkaste og fornye. Det ligg ingen dramatikk i ordet «forkaste». Det er snakk om å vurdere og sjå på kva som er fornuftig til dømes med tanke på sal.
Prioriteringar framover går i utgangspunktet etter investeringsplanen som kommunestyret har vedteke. Det vil seie at nytt FDV-bygg er høgt prioritert og ein del kommunale bustader som treng rehabilitering. Arne Krohn er redd for at folk ventar revolusjonelle endringar på kort tid. Det kan han ikkje love.
– Vi er i ein prosess. Fokus på dette arbeidet kjem til å bli betre over ein periode. Noko kan bli betre raskt, anna tek lengre tid.

Same vilkår
Alle dei 16 tilsette som har gått frå kommunen til eigedomsselskapet har same vilkår som før.
– Kommunen eig eigedomsselskapet 100 prosent, og alle rettar for dei tilsette er som før. Det er berre ei organisasjonsendring, alt anna følgjer med.
– Har omorganiseringa vore udramatisk?
– Alle endringar blir møtte med uvisse, men det har ikkje vore noko problem. Litt diskusjon har det vore, men slik er det alltid.
– Kjem vaktmeisteren på Eidsdal skule til å ha den bygningen som primærområde?
– Vi arbeider med arbeidsforma. Dei tilsette kjem til å ha hovudoppgåver, men må vere fleksible.
– Det er vel ein føremon å kjenne ein bygning?
– Ja, det er det, men det er òg ein føremon at fleire kjenner bygningen med tanke på overlapping i feriar og anna. Vi må ha ein fleksibel organisasjon. Reinhaldarane held førebels fram der dei har arbeidd før, seier Arne Krohn.

Bygningar overførte til eigedomsselskapet:


Rådhus

Skular og barnehagar
Valldal skule
Eidsdal skule
Dalsbygda skule og barnehage
Tafjord skule og barnehage
Fjørå skule
Syltebøen barnehage
Eidsdal barnehage m/næring i 1. etg

Sjukeim/omsorgsbustader
VTS
Sylte omsorgsbustader
Nye omsorgsbustader i Moa og Eidsdal
Eidsdal omsorgsbustader
Norddal omsorgsbustader
Elvetun (tidl. HVPU

Utleigebustadar, næring og diverse bygg
Kraftverkbygget
Gamlebanken leiligheta (BTA 142)
Roa/søsterboligen
Mo mini
Solstad
Legebustad i Vika
Kommunehuset i Eidsdal
Fjordhagen
Servicebygg på Sylte
Servicebygg i Eidsdal
Hovebygget/Hovudbase for FDV
Industribygg i Kalvegjerdet
Kleivafabrikken
Brannstasjon i Tafjord (2
garasjar)
Lager ved Fjøråtunnelen
Sylte ungdomshus
Tafjord friluftsbad