Arbeidet med å få lagt eit barnevernstiltak til sørsida av Norddalsfjorden starta for snart to år sidan. Ideen kom som eit bygdemobiliseringstiltak i regi av Norddal og Eidsdal bondelag.
Tanken var at dei to bygdene har gode tilhøve for friluftsliv, dyreliv og gardsbruk som kan nyttast med tanke på barnevernstiltak, seier Anett Helen Steinnes.
Ho er barnevernspedagog og har vore «tilsett» som prosjektleiar i gruppa på fem-seks personar som har arbeidd med prosjektet. Fram til i haust vart det lagt på is ei stund fordi det var vanskeleg å få dei rette kontaktane.
Avlasting
I haust vart eit forprosjekt drege i gang att i samarbeid med Bufetat - Barne-, ungdoms- og familieetaten.
Vi har vore på studieturar til ulike verksemder. Sist drog vi til Steindal gård i Stavanger. Det er ein tidlegare barnevernsinstitusjon som no etter pålegg frå direktoratet driv med rettleiing og avlasting for fosterheimar og fosterbarn. Målet er å få eit slikt tiltak hit med hjelp frå Bufetat.
Steindal gård har eit miljøterapeut-team på åtte personar og eit rettleiingsteam på seks. Dei tek imot fosterbarn mellom åtte og 16 år, og har i tillegg ei rettleiingsteneste for dei med fosterbarn mellom null og 18 år.
Bufetat seier det er skrikande trong for fosterheimar i distriktet, særleg for ungdom, seier Anett Helen Steinnes.
Postitiv respons
Den 19. november hadde prosjektgruppa eit møte med Bufetat i Ålesund. Herifrå drog ved sida av prosjektleiaren, Merete Løvoll Rønneberg, Jon Geirmund Lied og ordførar Bjørn Inge Ruset.
Vi presenterte ei skisse om moglege barnevernstiltak på prestegarden. Bufetat viste stor interesse for skissa og ynskte med utgangspunkt i den å ha ein dialog med gruppa om moglege tiltak. Bufetat har politisk fokus på å etablere fosterheimar og fosterheimsliknande tiltak på indre Sunnmøre, seier Anett Helen Steinnes.
Prestegarden aktuell
Prosjektgruppa har vore i kontakt med Opplysningsvesenets fond om å leige prestegarden til eit barnevernstiltak. Fondet er positivt til det.
Bygningsmassen er godt eigna til føremålet både når det gjeld høve til aktivitetar og det å skape trygge omgivnader. Vi har òg oppretta kontakt med gardbrukarar som kan tenkje seg å ha opplegg for barn og unge, seier prosjektleiaren.
Informasjonsmøte
I midten av november inviterte bondelaget til eit informasjonsmøte i Eidsdal. På førehand hadde dei sendt ut flygeblad til innbyggjarane i Norddal og Eidsdal.
Der fekk dei frammøtte høyre meir om kva tanken er, og dei kunne sjølv seie kva dei meinte. Dei fleste var positive. Fordommar vil ein alltid møte.
Seinare kjem Bufetat til å ha eit nytt informasjonsmøte på indre Sunnmøre, mest truleg i Eidsdal. Der vil dei presentere kva som ligg i det å vere fosterheim.
Erfaringane frå Steindal gård viser at om ein har fleire fosterfamiliar i same område, får ein eit miljø som kan ufarleggjere dette arbeidet. Viss familiane i tillegg veit at avlasting finst så dei kan få eit pusterom, kan det vere lettare å ta på seg oppgåva som fosterheim.
Bondelaget har betalt studieturar og anna. Prosjektgruppa fekk midlar til forprosjektet frå landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke.
|
|
|