Innleiingsvis sa styreleiaren at styret har måtta ta grep som skulle ha vore gjorde for lenge sidan. Strategiprosessen som hadde vore utsett eitt år, kom i gang i fjor vår.
Vi gjorde ei kartlegging og bad alle eigarar uttale seg. Vi fekk ein del skriftlege og ein del munnlege svar som totalt sett gav oss eit ganske breitt bilete av korleis DGT blir sett på. I tillegg kartla administrasjonen tal, ting og tankar og samtalte med viktige aktørar som ordførarane i begge vertskommunane. Synspunkta viser at DGT gjer ein del bra og ein del som ikkje er så bra. Prosessen enda i eit møte på Stranda der vi danna oss eit heilskapleg bilete og diskuterte kvar vegen skal gå vidare, sa Per Erik Dalen.
Manglar produkt
Styreleiaren sa vidare at sesongen er for kort, og at DGT ynskjer å utvide han.
Vi manglar produkt i området og må få fleire for at dei reisande skal opphalde seg her lenger. Vi har vore for mykje eit logistikkselskap med fokus på å få reisande inn og ut enn på kva vi skal gjere for at dei skal bli her lenger. Her ligg det eit enormt potensial, seier han.
Styret meiner at ein må snu fokus i marknadsføringa til den nasjonale og regionale marknaden med tanke på sesongutviding.
Vi vil vere ein medlemsorganisasjon og skal drive med det eigarar og brukarar er opptekne av, og ikkje setje i gang all verdas prosjekt om ikkje medlemsbedriftene ynskjer det, la han til.
Må betre økonomien
DGT må betre økonomien, og styreleiaren ser for seg å gjere det i fleire steg.
Drifta må bli betre. Vi har gjort grep som vi trur vil betre økonomien alt i 2008. Vi ynskjer òg å auke kapasiteten i administrasjonen med å tilsette ein ny dagleg leiar som skal utvikle selskapet etter den nye strategien. Geir Gjærde er tilbydd stillinga som marknadssjef. Ove Skylstad skal stort sett drive med det same som før.
Styreleiaren trur det er mykje å hente i å samarbeide med nabokommunar som Ålesund, Rauma og Stryn både når det gjeld marknadsføring og booking.
Merkevarenamn
Norddal kommune har tidlegare uttrykt misnøye med endring av merkevarenamnet til Geirangerfjord. Kommunen var heller ikkje nøgd med den korte fristen dei fekk til å uttale seg om den nye strategien.
Kvifor ikkje endre namnet på selskapet òg, spurde Viktor Valdal (Tl).
Du kan vere trygg på at heile styret er oppteke av Trollstigen, men vi måtte ha eit enkelt og kommuniserbart merkenamn. Vi får ekstra drahjelp med å bruke namnet Geirangerfjord. Om selskapsnamnet skal endrast, må det opp i generalforsamlinga, sa Per Erik Dalen.
Han forklarte òg at alle aksjonærar hadde fått same frist til å uttale seg om strategien, og at det difor ikkje var rett å gje Norddal kommune ekstra tid. I tillegg hasta det å få strategien godkjent på grunn av framdrift i andre prosessar.
Kostnader
Viktor Valdal spurde om styret er ferdig med budsjettet og om kostnaden til kommunen er klarlagt. Han minte òg om føresetnaden om at turistkontoret på Sylte skal vere ope heile året.
I februar byrjar vi arbeidet med å gå frå bygd til bygd for å forankre handlingsplanen. Då blir det ein diskusjon med kommunane. Vi er ikkje her for å seie «ja, vi treng meir pengar» no.
Bjørn Inge Ruset nemnde at DGT må rekne med auke i husleiga for turistkontoret på Sylte på grunn av det nye eigedomsføretaket.
Vi vil òg sjå nærare på informasjon og skilting knytt til budsjetttilbodet frå Norddal kommune, sa ordføraren.
Overraska
Destinasjon GeirangerfjordTrollstigen lyste onsdag i førre veke ut stillinga som dagleg leiar i selskapet.
Geir Gjærde som er tilbode ei ny stilling som marknadssjef, sa til NRK at han var overraska over å sjå stillingsannonsen.
Fleire aksjonærar i DGTsa til NRK at dei meinte det var feil å lyse ut stillinga som dagleg leiar så lenge ei personalsak i DGT ikkje er avklart.
|