Norddal på Europa-kartet

På eit gigantisk messe-område vest i Berlin, har det dei siste dagane vorte utkjempa harde kampar om det tyske publikum si merksemd og gunst. Alt tyder på at dei norske aktørane har kome godt frå profileringsjobben sin.

23. januar 2008
Vidar Alfarnes

Regjeringa ser på mat og reiseliv som to sider av same sak. Eg har stor tru på at denne koplinga av mat og reiseliv gjev positive ringverknader for heile landbruket, seier statsråd Terje Riis-Johansen. Her saman med Kirsti Indreeide og Bjørn Inge Ruset. Foto: Vidar Alfarnes

Ordførar Bjørn Inge Ruset er alt heimkomen etter nokre hektiske, men svært hyggelege dagar i den tyske millionbyen.
– Det var ei utsøkt glede å få oppleva dette på nært hald, og samstundes kunne stilla meg bak vårt vesle reiselivsfyrtårn lokalt, Petrines Gjestgiveri, seier den folkevalte frå Norddal.
Han brukte også tida si til møte og samvær med kollegaer frå fleire kommunar i Bayern.

Invitert attende
– Nokre av kommunane var til forveksling like på vår, og hadde mange av dei same utfordringane. Frå Noreg møtte også ordførarane frå Røros, Lom, Vinje og Hemsedal, og alle vart vi inviterte til ei samling i Bayern i slutten av mai, røpar Ruset.
Også Kirsti Indreeide er nøgd, sjølv om det har vorte svært lange og hektiske dagar.
– Eg tykkjer det har vore svært vellukka så langt. Var innom messa på ein studietur i regi av ”Norsk bygdeturisme- og gardsmat” i fjor, og visste difor litt om det som venta. Det er 21. gong at Noreg deltek på Grüne Woche – verdas største forbrukarmesse innan landbruk og mat. Folk frå Innovasjon Norge og Landbruksdepartementet meiner at dette er den beste satsinga nokon gong. Slik kjennest det også ut, smiler kvinna bak den lokale reiselivssuksessen.

Korrekt satsing
I motsetning til i fjor har den norske standen denne gongen vore meir oppteken av å selja Noreg som reiselivsprodukt, enn å marknadsføra norske produkt for eksport.
– Det håpar eg vil vise att når sommarsesongen nærmar seg. Vi har synt tyskarane kva slags lokale spesialitetar som finst i matvegen, og her nede har det gått mykje i geitepaté og kjerull, fortel Indreeide. Som også fekk den utsøkte gleda av å varma opp publikum i Tiergarten, før den største noregsambassadøren i Tyskland, Wenche Myhre, kvitterte med ein konsert i stjerneklasse.
– Eg fortalte litt om gardsturisme generelt, og fekk også høve til bruka min eigen gjestgjevarstad som eit godt døme på korleis eit lokalt reiselivsprodukt kan vera med på å utvikla andre næringar i kommunen. Samstundes som eg fekk fortalt det tyske publikum om naturen, roa og den friske lufta, smiler Indreeide.

Oppvarming for Wenche
Og sidan ho ikkje kunne dele ut smaksprøvar frå scena, vart det i staden ein kulturell smakebit. ”Bruremarsj frå Seljord” vart framført til 20 i stil, og var ein verdig opptakt til showet med Wenche Myhre.
– Eg skal vera på messa heilt fram til dørene stenger sundag kveld. Kjem nok til å bli godt trøytt, men det er det så absolutt verdt. Vi har takk vera nært og godt samarbeid klart å marknadsføra landet vårt på ein framifrå måte, sjølv om konkurransen er hardare enn nokon gong, hevdar ei som iallfall har gjort sitt for å setja Noreg og Norddal på Europa-kartet.