Formannskapet er vegnemnd, men sidan tida var knapp sette formannskapet ned ei arbeidsgruppe som skulle leggje fram ei prioriteringsliste for kommunestyret.
Viktor Valdal (Tl) som sat i gruppa saman med Heidi Toreli Sylte (Sp) og Svein Martin Remseth Andersen (Nl), sa at dei har prøvt å hente innspel få andre og få så gode føringar som råd.
Nemnda har vore samstemmig. Oppsettet kan diskuterast. Rassikring er ein eigen pott i dag, men frå 2010 blir han truleg slått saman med andre.
Han sa elles at dei tok med Trollstigen for å sende signal vidare om at dei ynskjer utvida opningstid. Mange ynskjer tidlegare avgangar på ferja for å rekkje tidlegvakt og morgonfly. For gang- og sykkelvegen mellom Muri og Linge tok arbeidsgruppa inn ei spesiell formulering etter råd frå vegkontoret.
Det eg ser på som viktigast er å fullføre rv 650 SjøholtViset, slik som både Stordal og Ørskog har gjort. Denne vegstrekninga er viktigare enn mange innbyggjarar i Norddal tenkjer over, sa Viktor Valdal.
Heller StrandaHellesylt
Den hurtigarbeidande nemnda har gjort ein god jobb der dei viktigaste vegane er med. Eg har lyst til å kommentere litt likevel, sa Audun Skjervøy (Nl).
Norddalslista ynskte å prioritere rassikring mellom Stranda og Hellesylt før Børdalsvegen, og argumenterte utifrå historia og kva som har vore gjort før.
Når det gjeld fylkesvegar er det signalisert at ein vil setje i gang med verste biten frå Valldal til Fjørå i haust. Eg trur kanskje det er viktigare å prioritere EidsdalNorddal på førsteplass. Det er eit problematisk vegstykke. I tillegg ynskjer vi å ha eit punkt 4 på fylkesvegar: FjøråTafjord, eit overmode vegprosjekt som absolutt må pressast på. Dette er ei ynskeliste som vi ikkje kan rekne med å få gjennomslag på, men vi kan signalisere kva vi har av problematiske vegar i Norddal, sa Audun Skjervøy og la til at sommarvegen mellom Tafjord og Grotli burde takast vekk.
Eg forstår ynsket, men på andre sida må vi sjå på realismen i prosjektet. Frå andre sida har det kome signal om at vegen ikkje er ynskt på grunn av nasjonalparken og villreinstamma.
Frårådde omprioritering
Viktor Valdal tok ordet og kommentere dei fleste synspunkta til Norddalslista. Han opna med å seie at FjøråTafjord som eit nytt punkt 4 var greitt. Vegen hadde vore diskutert i gruppa.
Eit samrøystes kommunestyre la sommarvegen TafjordGrotli inn i kommuneplanen. Det er rart å gje tafjordingane håp både om folkemøte og anna. Ein stad må vi byrje. Eg vil ikkje ta vekk sommarvegen, sa han.
Når det gjeld ValldalFjørå kontra Norddalsstranda, valde arbeidsgruppa å følgje prioriteringa formannskapet gjorde for fire år sidan.
Vegkontoret har lovt å gjere små rassikringstiltak i Norddalsstranda, men ideelt sett burde det ha vore tunnel.
Viktor Valdal sa at han sterkt frårådde å gjere om prioriteringa av Børdalsvegen.
Det har litt med alliansebygging å få til denne indre traseen. Dessutan er vegen viktig med tanke på rekruttering, som pendlarveg frå Molde og Ålesund, sa han.
Når det gjeld SjøholtViset kontra StrandaHellesylt, snakkar eg om alliansar frå før. Vegen er ekstremt viktig i forhold til turismen som vi er avhengige av, svarte Audun Skjervøy.
Oddbjørn Lianes (Tl) tok ordet og etterlyste ei sak.
Utbetring av Uri bru
Det er ein ting som manglar. Kan hende er det rart at eg fremjar det, men vi har ei bru her i dalen som det var snakk om då eg var med i teknisk i 1992. Ho står der framleis. Ny Uri bru bør kome som framlegg under mindre prosjekt, sa han.
Arild Nærø (Ap) sa han var glad for at Audun Skjervøy drog fram rassikring på fv 92 FjøråTafjord, og foreslo å prioritere dette som punkt 3 i staden for punkt 4.
Eg er mindre glad for å ta ut sommarvegen til Grotli. Eg trur ikkje det er heilt rett at interessa på andre sida av fjellet ikkje er til stades. Det du seier om rein er heller ikkje heilt rett. Nasjonalpark er det ikkje: Det er nesten den einaste gata som ikkje er berørt av nasjonalparken, sa han.
I ein replikk sa Audun Skjerøvy at han hadde sagt at vegen kjem til å gå inntil nasjonalparken, ikkje i han.
Kommunestyret var samrøystes i alle punkt unnateke to: Sommarveg TafjordGrotli og prioritering av rassikring i Norddalsstranda framfor ValldalFjørå.
Prioriteringslista
Øvrige riksvegar, større prosjekt:
1. Fullførig rv 650 Sjøholt-Viset (Børdalsvegen).
2. Rassikring rv 60 Strandan-Hellesylt
3. Rassikring rv 63 EidsdalGeiranger
4. Heilårsveg via Geiranger til Oppland
5. Sommarveg frå Tafjord til Grotli
Øvrige riksvegar, mindre prosjekt:
1. Gang- og sykkelveg frå sjukeheimen til Berdalsbrua
2. Utbetrings- og sikringstiltak på rv 63 i Eidsdal frå Bergedjuva og nedover
3. Gang- og sykkelveg langs rv 63 i Eidsdal frå skulen til Veiberg
4. Rv 63 GrønningKrikane, smalt vegparti som bør utvidast
5. Gang- og sykkelveg frå Muri til Linge.
6. Gang- og sykkelveg mellom Uri bru og Hoel
7. Rv 63 Trollstigen, ynske om utvida opningstid, tryggings- og utbetringstiltak kan vere nødvendig.
8. Utviding av Uri bru
Fylkesvegar
1. Utviding av fv 92 ValldalFjørå.
2. Rassikring Norddalsstranda
3. Rassikring FjøråTafjord
4. Forbetring av bru, bygging av gangbru ved omsorgsbustaden i Norddal.
Ferjedrift
1. EidsdalLinge: ynske om større kapastiet sommarhalvåret og utvida tilbod morgon og kveld, slik at ein kan rekkje tidlegvakt og morgonfly.
|
|
|