Prosjektet har no nådd ein viktig milepåle, sa styreleiaren då han overleverte forprosjektet til ordførar Bjørn Inge Ruset torsdag.
Prosjekteringsgruppa er i tillegg til styret for Storfjord Helsesenter samansett av arkitektar frå Arkitre AS og under leiing av ingeniør Arnold Bolstad frå Stavsengs Ingeniørfirma AS.
Endringar
Opphavleg var Storfjord Helsesenter tenkt større og med ei meir omfattande samanbygging med Muritunet. Arealet er redusert med 320 kvadratmeter. Trimrommet er redusert med 60 kvadratmeter. Møterom og kantine er teke ned og funksjonar som vaskerom og søppelhandtering, er overførte til Muritunet. Samanbygging er redusert til det minimale. Ein periode var det snakk om å byggje saman i to etasjar og gripe inn i eksisterande bygg i større grad. No har vi valt samanbygging i ein etasje med ny hovudinngang og ny resepsjon i tillegg til nytt treningsrom for Muritunet, innbyggjarar og andre som vil leige det.
Den nye hovudinngangen blir liggjande mellom symjebassenget og nybygget med parkeringsareal utanfor.
Eg trur det er rett å leggje til rette for helikopterlandingsplass som blir stadig meir brukt. Om vi tenkjer langt fram, er det ikkje unaturleg med eit legevaktsamarbeid med sjukehuset. Då blir det vesentleg å ha kort veg til Åse, sa Espen Remme.
Romløysinga viser at NAV og tannlegekontoret blir liggjande i sørenden i andre høgda. Tredje etasje har møterom, kantine og teknisk rom i sørenden og utleigeareal for til dømes aromaterapeut, optikar og andre i nordenden av toppetasjen.
Kostnadsauke
Sidan arbeidet med Storfjord Helsesenteret starta opp, har kostnadsnivået auka.
Prisane på bygningsmateriell har stige meir enn prisstiginga elles, men vi ser kanskje ei nedkjøling no, trur Espen Remme.
Nettoarealet på 1258 kvadratmeter er fordelt slik: Muritunet 487, Norddal kommune 405, NAV og tannlegen 182 og andre 184 kvadratmeter. I tillegg kjem fellesareal og teknisk rom, tak og vegger.
Vi har diskutert korleis vi skal fordele kostnader på fellesareal og tekniske rom, sidan bruken blir ulik for aktørane. Vi tok ei prosentvis fordeling, slik at dei største aktørane tek største delen av felleskostnadene, medan andre får redusert sin del, sa Espen Remme.
Han fortel at dei var oppe i ein totalkostnad på 80 millionar kroner, ei dobling i forhold til utgangspunktet, før dei starta reduksjonen av arealet.
Vi har teke vekk inngangen og heisa i sørenden og sparte ein million. Handikapforbundet og andre er misnøgde med det. Som ergotereapeut grev det
meg å måtte ta vekk ein heis, sa han.
Audun Skjervøy kommenterte at dei frittståande aktørane no er plasserte i tredje etasje, sjølv om dei i utgangpunktet ynskte å vere i første.
På grunn av at vi måtte ned i kvadratmeter, kunne vi ikkje dele opp dei to store aktørane i to etasjar. Vi gjekk fleire rundar med arkitektane, fordi vi syntest den opphavlege handlegata i første var glimrande, forklarte Espen Remme.
Storfjord Helsesenter er kostnadsrekna til vel 72 millionar kroner. Trekkjer ein frå mva-refusjonen som Norddal kommune truleg får, er prosjektet nede i om lag 65 millionar kroner. Årleg husleige stipulert for 2009 blir på 1.970.000 kroner for Muritunet og 1.510.000 kroner for Norddal kommune. NAV og tannlegekontoret får til saman 585.000 kroner i årleg husleige.
Framdrift
Styreleiaren sa at det har vore lett å ha kontakt med dei store aktørane. Det er verre med små verksemder, som er usikre på leigetilhøve og økonomisk kapasitet.
I februar og mars skal vi gå i ein utvida dialog og skrive kontraktar med leigetakarane. Det er ein føresetnad for dialog med bankane, sa han og la til at styret er i dialog med fire bankinstitusjonar.
Planen vidare er ein anbodsperiode i apriljuni med ynskt byggjestart i september.
Kor sikkert er det at de faktisk får byggje hausten 2008, ville Audun Skjervøy vite.
Styret ser på det som noko ikkje vi kan påverke, men det er utenkjeleg å leggje desse områda døde for utbygging, sa Espen Remme.
Ordførar Bjørn Inge Ruset opplyste at han hadde grunn til å tru at den tekniske forskrifta som må endrast i plan- og
bygningslova for å kunne byggje i skredutsette område, er ferdig om ein månads tid, truleg med nokre månaders høyring etter-på.
Kan hende får vi endeleg klarsignal i sommar, sa ordføraren.
|
|
|