Stor deltaking på snøshow

Torsdag var det om-reisande arrangementet SnowShow i Arena Overøye, på sin rund-reise til tolv alpinsenter rundt om i Noreg.

6. februar 2008
John Kristian Hjelle

Kjetil Holand Tøsse deltok på ski i Big Jumpen, her med eit flott tricks.

På grunn av litt for sterk vind då dei kom, tok dei ikkje sjansen på å setje opp teltet med scene dei normalt nyttar nedst i bakken. I staden monterte dei opp lydutstyr og serveringsdisk inne i varmestova. Der arrangerte dei også konkurranse i Sing Star der fleire nytta høvet til å delta, og alle som tok sjansen fekk premiar. Inne vart det også delt ut gratis nudlar og anna snacks. Sjølve hovedkonkurransane vart arrangerte ute, i Big Jump og Rail, og for både ski og snowboard.

Mange tilreisande
Det var mange tilreisande frå distriktet rundt som tok turen til Arena Overøye for å vere med, i tillegg til nokre få frå Stordal. Vi merka oss Daniel Vad, i tillegg til dei aktive alpinistane Vegard Busengdal og Kjetil Holand Tøsse som nok var med meir for moro og avveksling til dei renna dei er med på til vanleg.
Det var mange akrobatiske hopp og tricks som vart synte fram av deltakarane, og dei beste i kvar disiplin fekk premiar.

Godt nøgd
Arrangøren sa seg godt nøgd med arrangementet og Arena Overøye, og var spesielt imponert over alle dei frivillige som var med på dugnadsbasis. Dei vil gjerne komme tilbake neste år.
Av kommentarar frå deltakarane merka ein seg mellom anna at dei tykte hoppet, den såkalla Big Jumpen, var bra, og arrangøren Snowshow fortalde at dette var den flottaste Big Jumpen dei hadde vore på i år.
Kor mange som var i bakken denne kvelden, er vanskeleg å fastslå då det var fri bruk av skitrekka, men det var nok truleg mellom 400 og 500 menneske til stades.

Fristar til gjentaking
Dagleg leiar i Arena Overøye, Rune Støversten, seier i ein kommentar at dette fristar til gjentaking.
– Sjansen er stor for at vi får Snowshow hit også neste år, men då vil vi prøve å legge det til ei helg. Grunnen til det er at det kan vere vanskeleg for enkelte som vil vere med, å rekke heim frå skule eller jobb for så å rekke å ta buss hit i tide til arrangementet på ein kvardag, seier Rune Støversten.