Rom med utsikt

Som ein sakte film kan gjestene sjå skiftingane i naturen frå gode stolar i frittståande rom på Juvet landskapshotell. Det er ingen luksus. Det er ikkje prangande, men
enkle rom i furu som står som gjester i naturen.

13. februar 2008
Sissel Tiril Rem

Øyvind Grønning og Jostein Dalen der glasveggen skal kome og gje godt utsyn mot elva. Foto: Tiril Rem

Då ålesundaren Knut Slinning presenterte planane for Juvet landskapshotell for formannskapet i januar, sa han at det var tre tilfeldigheiter som gjorde at han hamna i Valldal: at han tilfeldigvis kom over hytta som han kjøpte for 21 år sia, at Nasjonal turistveg kom med friske idear på Gudbrandsjuvet og at han fekk tilbod om å kjøpe Burtigarden.
– Tre tilfeldigheiter kan vel kallast ein lagnad. Eg såg potensialet i øvre Valldal frå første augneblink, men eg ville ikkje vere så dum at mitt «Soria moria» skulle bli mitt arbeids- og problemområde.

Ei norsk oppleving
No risikerer Knut Slinning kan hende nettopp det når han prøver å skape ei reiselivsbedrift utanom det vanlege med utgangspunkt i Burtigarden på Alstad.
Garden er frå gammalt ein av dei største gardane i Norddal kommune. Garden og folket er dokumentert i bygde- og kyrkjebøker tilbake til 1500-talet. Olavshellaren, Olavskjelda og deler av Olavsvegen ligg på garden. Reinheimen nasjonalpark går nesten heilt ned i tunet og innfallsporten til verdsarvområdet er berre mil unna.
Knut Slinning har restaurert bygningane med respekt for historia. Våningshuset er restaurert slik at ein sporar kulturarven. Låven datt saman under snøen i 1916. Grindløa vart sett opp att med mønet vendt mot dalen. I dag er ho 90 prosent ferdig restaurert med gildehall som kan dekkjast til 150 personar. Prosjektet har ein prislapp på mellom 15 og 20 millionar kroner der halvparten går til hotellromma.
– Ting heng i hop: Estetikken i Nasjonal turistveg, den norske naturen og kulturhistorien som samfunnet her inne og spesielt dette gardstunet, representerer, seier Knut Slinning.

Maks ti rom
Knapt 30 hotellromtomter er stukke ut, men det er ikkje snakk om å byggje meir enn ti rom ute i naturen. I tillegg har våningshuset fem rom og endå litt til om det er trong for det.
– Vi har god overnattingsplass til 30 personar. For kortare opphald kan vi presse inn litt fleire i våningshuset. Elles har vi andre hytter vi kan leige berre fem minutt unna.
Knut Slinning er oppteken av å trekkje med seg lokale krefter.
– Valldal bygdeservice har vore gode å ha. Utan å ha Valldal høvleri fem minutt unna, hadde det blitt eit mareritt med transport og logistikk.
Han ser òg for seg eit samarbeid med Jordbærstova og Petrines Gjestgiveri når det gjeld mat.
– Eg skal ikkje finne opp noko som alt finst, eller bli ein konkurrent. Eg vil heller vere med på å gjere dei andre betre.

«The Norwegian Big Five»
Forutan å suge til seg naturen frå hotellromma, skal gjestene òg få med seg det som nærområdet byr på.
– Hjartebarnet mitt er noko som eg kallar «The Norwegian Big Five», inspirert av turar til Sør-Afrika der ein ikkje kan ha vore utan å ha sett fem av dei store dyra.
Knut Slinning skal tilby eit kortferiekonsept der gjestene som han ynskjer å hente frå kontinentet, tek ut fem arbeidsdagar. Tanken er å få gjestene til gards søndagskvelden med retur fredag kveld.
– På programmet står besøk i villmarksleiren med klatring og rapellering i beskjeden målestokk, rafting, topptur til dømes til Finnarbreen eller Bispebreen, tur til Stryn sommarskisenter med stopp i Geiranger. Siste dag går med til å besøkje ein fjellgard før avreise til Ålesund eller Åndalsnes.
– Dette har lege i bakhovudet mitt i 20 år, om ikkje akkurat i denne forma, så tanken på å ta seg av grupper med maks 20 gjester i slengen. Dei som ikkje kan kome søndag, får ikkje kome tysdag etter at gruppedynamikken er etablert. Lista ligg høgt både på overnatting, mat og opplevingar.
Han legg seg på prisar i øvre skikt, ikkje under 3000 kroner per person per døgn for heile pakken.
Sesongen strekkjer seg over åtte-ni månader i året. Han ser for seg å nå bedriftsmarknaden i skuldersesongane, elles kan lokala nyttast til slikt som bryllaup, åremålsdagar, slektsstemne og blåturar.

Ferdig til sommaren
Førebels er det snakk om offisiell opning for Nasjonal turistveg på Gudbrandsjuvet torsdag 19. juni. Knut Slinning har som mål å få ferdig dei fem romma til då.
– Med sitt estetiske ambisjonsnivå har ikkje arkitektane alltid forståing for byggherrens ynske om føreseieleg framdrift og kontroll på detaljar. Det er hundre ting her ingen har gjort før. Alt er spesielt. Ingen ting er standard byggjevare. Det er kun skruar vi kan kjøpe på høvleriet.
– Eg håper eg får glede av det. At eg ikkje går konkurs eller får hjarteinfarkt før det er ferdig, seier eg til arkitektane. Prisen per rom har dobla seg sidan vi starta, men igjen: Eg har tru på at om eg gjer dette rett, sparer eg ein del kroner på marknadsføring. Alle som er opptekne av formgjeving og arkitektur, må skrive om dette for ikkje å vere sære, seier Knut Slinning som denne første sesongen satsar på å invitere reiselivsfolk og journalistar som skriv om arkitektur og reiseliv.

– Handemakt
På kanten attom låven tek dei fem romma form. Fredag var seks mann frå Valldal bygdeservice og Dalebø og Høghjelle i full aktivitet. På ein veg laga av snø brukar dei ein liten firhjuling som avlasting for hender og føter.
På spørsmål om korleis snikkarane likar arbeidet, seier dei at det er uvegsamt og utfordrande.
– Det er tøft. Det blir mykje handemakt, seier Fridjon Døving medan dei prøver å få ein bjelke i posisjon så han kan lyftast på plass.
– Vi brukar kombinasjonen rå kraft og teknikk, seier Jostein Dalen.
– Det gjekk fortare med siste hytta enn med den første. Vi lærer undervegs, legg Fridjon Døving til.
– Det er eit pionerarbeid, men eg trur dei likar det, kommenterer byggherre Knut Slinning.

Kultpotensial
Arkitekt Jan Olav Jensen i Jensen & Skodvin Arkitektontor fortel på telefon frå Oslo at ideen til landskapshotellet opphavleg kjem frå eit anna prosjekt.
– Hovudtanken er at alle rom skal få sitt unike utsyn til det småkuperte landskapet i juvet. Plassen blir synleggjord gjennom romma på den måten. Sjølv om dei fem første romma ligg samla, gjev dei i stor grad ei privat kjensle. Romma er laga på ein spesiell måte, slik at eine veggen er glas utan vegger eller lister opp. Slik verkar rommet større med naturen som ein del av rommet. Eg trur det kan bli utruleg flott. Det har eit kult-potensial, meiner arkitekten.
Hyttene er enkle, bygde i furu og med store vindu. Dei rommar bad og soverom i tillegg til opphaldsrommet som berre skal møblerast med to gode stolar og eit bord.
– Stilen er litt asketisk og det er gjort med vilje. Tanken er at ein frå rommet ser ein sakte film frå morgon til kveld. Lyset endrar seg. Vêret endrar seg. Det blir som eit bilete som aldri er heilt likt. Slik kan ein delta i og observere naturen som vi har lange tradisjonar for, men gjort med eit fokus.
Rommet skal gje ei kjensle av å vere i eit kamerahus med gråbeisa tak og vegger og grått teppe på golvet.
– Det høyrest kanskje keisamt ut, men slik forsterkar vi det som er utanfor. Det er ein arkitektonisk teknikk for å få fram poenget, meiner arkitekten.

Strenge retningsliner
Sidan vassdraget er verna, hadde arkitektkontoret ein lang prosess med miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal fylke for å få ferdig reguleringsplanen.
– Retningslinene er strenge. Vi har ikkje lov til å lage stiar, vegar eller køyre med bil. Det er som å gå ein tur i skogen. Vi brukar ikkje eitt gram dynamitt. Romma er gjester i landskapet og kan takast vekk. Dei står på tynne søyler og set ikkje spor i landskapet.
Til dei fem første romma er vatn og avløp lagt i jordlaget. Til dei neste fem hyttene er det verken mogleg eller meininga. Kvar dei skal plasserast er heller ikkje avgjort enno.
– Dei fem første er tipp topp moderne hotellrom, berre finare, meiner arkitekten.
– Standarden er enkel. Det er ingen luksus, men eg trur opplevinga blir fin.

God respons
Arkitektane har fleire gonger vore på Alstad i samband med arbeidet med Nasjonal turistveg på Gudbrandsjuvet.
– Vi har hatt mange idédugnader der. Knut Slinning er ein flott og entusiastisk byggherre av det sjeldne slaget. Han er i toppklasse, meiner Jan Olav Jensen.
Arkitekten er òg nøgd med den lokale arbeidskrafta.
– Handverket er svært bra slik det ser ut. Vi har prosjekt i mange landsdelar, så eg kan seie at handverket held godt nivå i Valldal.
Han fortel at dei har fått god respons på landskapshotellet frå arkitektkollegaer.
– Mange utanlandske arkitekturtidsskrift har høyrt om landskapshotellet og likar ideen. Eigentleg er det rart at ikkje eit slikt prosjekt er gjort før, men det er det ikkje så vidt eg veit. Utifrå responsen frå fagmiljøet er det stor interesse for prosjektet. Alle har lyst til å bu der, sjølv om dei ikkje har anna ærend dit, seier Jan Olav Jensen.