I skipingsåret 1918 hadde laget 53 medlemmar, i jubileumsåret er det om lag 450 som er medlemmar.
Mangfaldet i type idrettar og relaterte aktivitetar stordalingane er engasjert i gjennom idrettslaget vert avspegla i dei ulike gruppene som idrettslaget er inndelt i. Det er alpint, langrenn, hopp og fotball, og med eigne grupper for barneidrett og allidrett. Volleyballgruppa har vore litt til og frå dei siste åra, men volleyballspelarane trenar jamnt, sjølv om dei ikkje er påmelde i nokon serie.
Arrangementet Stordalscup og utleige av telt, Stordal Treningssenter og Stordal Fjellservice ligg også under Stordal IL, og idrettslaget er medeigar i fleire idrettsanlegg som Stavsengfjellet skisenter, Fjellbakken på Stavsengfjellet og Stordal Alpinsenter. Og ein har sjølvsagt Kirkebø stadion og Stordalshallen som også vert flittig nytta av ei rekkje ulike typar idrettar, både til trening og til konkurransar.
Arrangement
Leiar i Stordal IL, og medlem i jubileumskomiteen, Vigdis Hove Øie, fortel om mange idrettsarrangement i laget sin regi i jubileumsåret.
Hoppgruppa og langrennsgruppa arrangerte førre helg kretsrenn, og i Arena Overøye var det Snowshow 31. januar. I Arena Overøye vart 90-årsjubileet også markert med at ein fekk kjøpe billettar til kveldsskøyring 1. februar for 90 kroner. Vidare vil alpingruppa no på førstkomande fredag arrangere eit showrenn i Arena Overøye for både gamle og unge, der deltakarane vert oppmoda om å bruke eldre klede som ein kan ha liggande på loft og i kjellar.
Det vert ikkje konkurranse i tradisjonell forstand, fortel Olai Nakken, leiar i alpingruppa.
Vi oppmodar alle om å stille, og kle seg ut viss dei vil. Det vert køyrt parallellslalåm, og her vert det alle mot alle. Det kan verte gammal mot ung, foreldre mot ungar, poenget med rennet er at vi skal ha show og moro og ha skigleda i fokus. Det vert speakerteneste under rennet, og det vert trekt ut premiar mellom dei deltakande, seier han.
Det vil verte arrangert fleire renn utover våren, både i hopp, langrenn og alpint, og mellom dei også fleire kretsrenn. Den tradisjonelle sykkeltrimmen er sjølvsagt lagt til 1. mai, og allidrettsgruppa vil arrangere ein turmarsj søndag 18. mai med både ei kort og lett og ei lenger løype.
Under Stordalscup 27.-29. juni vil den nye Kirkebø stadion med kunstgras og med tartandekke på løpebana rundt verte offisielt opna. Ei spesialutgåve av magasinet «Stordalingen» er under arbeid, og Vigdis Hove Øie lovar eit interessant innhald.
Historia
Anna Drægebø Moe er i full sving med å samle inn stoff og bilde for å skrive om historia til laget, og saman med ei oppsummering av status i jubileumsåret vert det hovudinnhaldet i dette magasinet. Målsettinga er å ha dette klart til byrjinga av mai. Det har vore nedlagt eit mildt sagt imponerande arbeid gjennom idrettslaget gjennom alle desse åra, og høgdepunkta har vore mange. Vi vil trekkje fram og dokumentere dette i den grad det er mogleg. Ein jubileumsfest er også planlagt. Den kjem til å verte i starten av november. Det vil verte ein skikkeleg programfest med mat og påfølgande dans, fortel ho.
Ulike artiklar med jubileumslogo vil verte tillaga. Dersom forholda ligg til rette ser dei også på moglegheita for å arrangere eit «historisk» skirenn på Dyrkorn, der det første skirennet i området etter krigen vart arrangert.
|
|
|