Fem arbeidsplassar går tapt

Frå 1. juli er Norddal kommune endå fem industriarbeidsplassar fattigare. – Det er både trasig og vemodig, seier Egil Waldal, som i mai har hatt denne arbeidsplassen i 38 år.

20. februar 2008
Randi Flø

Gunnar Grønmo (f.v.), Egil Waldal og Svein Hoel er dei tre eldste ved Valldal Trevarefabrikk.

Dei fem tilsette ved Valldal Trevarefabrikk har fått beskjed om at arbeidsplassane deira er borte frå 1. juli i år.
– Det har ligge i lufta i lengre tid, og vi har hatt våre mistankar. Men beskjeden kjem brått når han kjem likevel, seier Waldal.

Fem tilsette
Det er fem tilsette ved Valldal Trevarefabrikk på Grandane i dag. Egil Waldal, som enno ikkje er fylt 59 år, seier det blir for langt å pendle til Eidsnes. Svein Hoel og Grunnar Grønmo kan gå av med AFP fordi dei har alderen til det. Dei to yngste som jobbar der, var ikkje til stades då Storfjordnytt var innom, men dei vil få tilbod om arbeid på Eidsnes i Sula.

Fin arbeidsplass
Dei tre fortel om ein grei og fin arbeidsplass, som dei synest det vert vemodig å forlate. Kjekt er det også at han ligg så nær, slik at dei slepp å pendle lange strekningar. Fabrikken vart starta i 1937, Egil Waldal fortel at på dei åra han har vore her sidan 1970, har det vore oppi ti tilsette.
Det luktar godt av furu inne i produksjonslokala, og dei fortel at no held dei på å lage delar til furudører som skal sendast utover til hovudfabrikken.