Å leve med skredfare

I desse dagar får alle innbyggjarar over 18 år i bygdene Tafjord, Fjørå, Geiranger og Hellesylt spørjeskjema kring skredfaren frå Heggura og Åkneset.

27. februar 2008
Sissel Tiril Rem

Stipendiat Kjetil Rød har hatt samtalar med innbyggjarane i Fjørå ig Hellesylt. Mange meiner at byggjeforbodet på grunn av skredfaren er eit større trugsmål mot bygdene enn risikoen for ras, fortel han. Foto: Privat.

Det er stipendiat ved Høgskulen i Volda, Kjetil Rød, som står bak spørjegranskinga. Ho er ein del av doktorgraden i helsevitskap som han tek ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Doktorgraden fokuserer på risikokommmunikasjon og har fått namnet «Det å leve med skredfare».
– Rettleiaren min ved NTNU, prodekanus ved Det medisinske fakultet, Are Holen, seier det ikkje er gjort tilsvarande gransking på risiko knytt til naturkatastrofe i Skandinavia. Det er spesielt med ein heilpopulasjonsstudie. Blir svarprosenten høg, blir det ei særs valid gransking, seier Kjetil Rød.

Betre kommunikasjon
Det er sjølvsagt opp til kvar einskild innbyggjar om dei vil svare på spørsmåla. Granskinga er anonym.
– Det er ikkje råd å identifisere einskildpersonar, og alle er frie til å svare det dei vil.
Kjetil Rød trur at det som er mest interessant for innbyggjarane, er at resultatet av granskinga kan leggje føringar for korleis kommunikasjonen mellom Åknes/Tafjord-prosjektet, kommunane og innbyggjarane blir.
– Innbyggjarane må kjenne seg fri til å svare fortruleg og oppriktig på korleis dei opplever det er å leve med risikoen. Med utgangspunkt i granskinga kan ÅT-prosjektet leggje til rette for betre kommunikasjon i åra som kjem, meiner han.

Todelt
Granskinga er todelt. Den eine delen går på korleis informanten opplever risikoen for fjellskred. I den andre delen skal han eller ho seie noko om personlegdom og veremåte.
– I min analyse kan eg då sjå om det er samanheng mellom risikooppleving og personlegdom, seier Kjetil Rød.
Spørjeskjemaet som går ut til 875 personar, innheld om lag 150 spørsmål med svaralternativ som ein skal krysse av på. Stipendiaten tippar at arbeidet med å fylle ut spørjeskjemaet tek om lag ein time, og understrekar at det er viktig å svare på alle spørsmål og returnere skjemaet før 31. mars.

Intervju
Kjetil Rød har alt hatt to fokusgruppeintervju med folk frå Fjørå og Hellesylt.
– Vi hadde ein samtale der eg ikkje la føringar. Dei fekk kome med tankane sine, og slik fekk eg inntrykk av kvar skoen trykkjer. Mange meiner at byggjeforbodet på grunn av skredfaren er eit større trugsmål mot bygdene enn risikoen for ras, fortel han.
– Kva inntrykk har du elles?
– Det verkar som dei som bur på Hellesylt, er meir brennande opptekne av risikoen enn folk i Fjørå. Fjøringane har eit litt meir avslappa forhold til det, og ser på faren frå Åkneset som større enn frå Hegguraksla.
På grunn av forhistoria er han spent på om folk i Fjørå og Tafjord svarer annleis enn dei i Geiranger og Hellesylt.
– Det gjeld ikkje minst dei som er i slekt med dei som vart råka av Tafjordulukka i 1934. Slik kan eg òg sjå om haldningar til risiko går i arv. Det er eit særs spanande område som, etter det eg kan sjå, ikkje har vore forska på tidlegare, seier Kjetil Rød.
Han dreg og fram at mange kan tenkje seg å få informasjon med jamne mellomrom som fortel at fjellet er stabilt.

Tre artiklar
Spørsmåla er innom opplevd uro på grunn av risikoen, tillit til fagfolk, om informasjonen er open og tilgjengeleg, kva dei synest om skriftleg informasjon samanlikna med folkemøte der alle kan ytre seg, beredskap og evakurering.
Spørjegranskinga skal danne grunnlag for tre artiklar som han må publisere i engelske vitskaplege tidsskrift for å ta doktorgraden. Han håper å publisere den første til jul i år. Resultata av granskinga kan ikkje offentleggjerast før dei er publiserte i dei vitskaplege tidsskrifta. Doktorgraden skal etter planen vere ferdig i 2010


DØME PÅ SPØRSMÅL:

  • Korleis passar desse utsegnene på deg? Svaralternativa er «passar særs dårleg, nokså dårleg, verken eller, nokså bra, veit ikkje»
  • Eg er uroleg for at raset og flodbølgja skal komme.
  • Eg er så sterkt knytt til bygda at eg blir buande her. Eg flyttar ikkje sjølv om rasfaren frå Åknes eller Hegguraksla aukar.
  • Eg er meir uroleg for mindre stein- og snøras langs vegane enn det mulege raset frå Åknes eller Hegguraksla.
  • I gamle dagar snakka folk lite om tankane og kjenslene sine i etterkant av naturkatastrofar. Det trur eg er nødvendig også i dag om ein skal kome seg vidare.
  • Byggjeforbodet er ein større trussel for bygdesamfunnet enn risikoen for stor-ras og flodbølgje.
  • Dersom fagfolka hadde lytta meir til vanlege folk sine tankar og uro for ras og flodbølgje, hadde folk hatt større tillit til dei.
  • Folk som har levd med rasfare i generasjonar, veit meir enn ekspertane om rasfare og flodbølgje.
  • Også informasjon om at fjellet er stabilt er nyttig for meg.
  • Eg synest at den lokale folkekunnskapen om rasfare og flodbølgje samla gjennom generasjonar er viktigare enn informasjon frå fagfolka i Åknes/Tafjord-prosjektet.
  • Dersom alarmen om ras går, kjem eg til å følgje mi eiga magekjensle, ikkje ordrene frå styresmaktene om kva eg skal gjere for å ta vare på familien og meg sjølv.