Eg er ikkje sikker på om det har gått opp for meg no heller, seier han måndag.
Han har vore i Stokke på junior-NM i langrenn. Og det var laurdag han tok andreplassen på 10 kilometer fristil.
Det var over 200 påmelde i hans klasse, menn 17 år, og 169 som gjekk i mål. Lars Anders fekk eit tidleg startnummer og meiner han var heldig med det, fordi føret vart dårlegare utover i løpet.
Eg prøvde å starte hardt, og etter passering ved 3,3 kilometer fekk eg vite at eg låg bak Henrik Ingebrigtsen, som vann. Utover tapte eg 20 sekund til han på andre runde og det gjorde eg på tredje også. Han kom 55 sekund før meg i mål, men han var veldig god, seier Lars Anders.
Spennande
Det vart ei spennande tid for Lars Ander å stå i målområdet og vente på at alle skulle kome i mål. Han hadde håpt å kome mellom dei 20 beste, men etter kvart som han såg at fleire av dei gode passerte bak han ved 3,3 kilometer, tok han til å lure, og etter kvart også å håpe. Når rennet var over, var han altså nummer to.
Det var litt spesielt å få gå på pallen, seier han.
Han synest det var flotte premiar også, i tillegg til sølvmedaljen fekk han ei stor krukke, blomster og ski-briller verde 1.500 kroner.
Lars Anders gjekk fleire løp under NM. Torsdag var det 10 kilometer klassisk, der er han tilfreds med ein 25. plass, sidan målet var topp 30. På stafetten gjekk han på andrelaget til Møre og Romsdal. Sjølv om dei ikkje fekk så god plassering, er Lars Anders godt nøgd med sin etappe.
Trenar
Den nybakte sølvmedaljevinnaren fortel at han trenar mykje, oppimot kvar dag. Han går idrettslinja ved Stranda vidaregåande skule. Her vert det tre treningar i veka i tillegg til at han trenar mykje heime på eiga hand.
Lars Anders vert 17 år i juli og synest dette var ein bra motivasjon til å halde fram med idretten. Han er første års junior i år og nivået er høgt. I junior-NM var det rundt 800 løparar når ein reknar alle klassene.
I Stokke var det så vidt snø, berre ei kvit stripe i skogen og nesten ti varmegrader. Dermed er han ein av dei som vart glad då han kom heim til Valldal søndagskvelden og såg at det hadde snødd.
Om ikkje lenge reiser han til Røros på Norgescup, der dei 30 beste kjem vidare til avslutninga. Lars Anders ligg no som nummer 15 i Norgescupen. Kanskje skal han gå Heiåna no til helga. I alle fall var han med på Valldal/Liabygda-cup i går.
Sommaren
For ein langrennsløpar er det sjølvsagt aller kjekkast med snø, men Lars Anders har ikkje problem med å halde seg i form sommarhalvåret heller. Han likar godt å springe i motbakke, han syklar og går på rulleski, og no har han akkurat kjøpt kajakk.
Korleis tenkjer du framover, vil du satse på idretten?
Eg trivst godt med det eg held på med. Etter denne helga ser eg også litt framover, men det er langt opp og fram. Eg skal gjere det eg kan for å verte best mulig, seier Lars Anders.
Sterkt av jentene også
To jenter frå Valldal var med i junior-NM i Stokke. Elisabeth Gjerde kom på 30.plass i klassisk torsdag, medan Kjersti Hoel enda som nummer 41. Laurdag var det fristil, og her klatra Elisabeth opp til 20. plass medan Kjersti kom litt dårlegare ut denne dagen og noterte seg på plass nummer 55.
|
|
|