Heidundrande underhaldning

I Liabygda inviterte jentene gutane på skot-årsfest, og stod for ei heidundrande underhaldning.

5. mars 2008
John Kristian Hjelle

Dei to danande kyrne saman med premieoksen Balder, som hadde ein tendens til å misse konsentrasjonen om dansen og heller ville ta til med heilt andre aktivitetar.

Det var nok fleire med krampetendensar i kjevepartiet etter det artige programmet jentene i Liabygda serverte laurdag kveld, men kor vidt nokon av den grunn hadde problem med å tygge spekematen som vart servert etterpå, veit vi ikkje. Det var frodige kostyme og slagferdige tekstar, både i sketsjar og songinnslag, og dei aller fleste hadde eit lokalt tilsnitt knytt til personar alle frå Liabygda kjenner til, og med ei passande galgenhumoristisk tilnærming til fråflyttings- og industrinedrustingsspøkelset.

Små stikk
Enkelte små stikk over fjorden til kommunesenteret var det også funne plass til, som seg hør og bør.
– Kjempebra program for å vere amatørar. Det er imponerande, er ein kommentar frå ein forbispaserande kar.
Programmet vart opna med ein song ved koret «Femininas», som må vere det kvinnelege motsvar til koret «Maskulinas». Dei entra scena to gongar til før dei også til slutt avslutta programmet. Den første songen var ein velkomstsong med refreng «skotårsbølgjen som går og går», før programleiar Astrid Gjerde, som elles batt saman innslaga med små historier og vitsar, introduserte Liv Ytterdal. Ho kåserte om «kvinneliv» og krav til kvinneidealet no til dags. Eit kåseri som enda med konklusjonen «oss trur dokke veit kven som er best, oss hadde vore suverene i ein kvardagstest».
Neste song frå Femininas handla om «Kvinnfolk – ekte kvinnfolk», før det lokale bygdevernet, leia av kaptein Ytterdal og løytnant Smoge benka seg til årsmøte på scena. Dei opna med å tildele heider for godt utført oppdrag til ein av medlemmane som hadde fått unge nummer to. Og vidare var det tankar og idear rundt korleis ein kan oppretthalde, og auke, styrkane i bygda (les folketalet). I dette låg også korleis ein kan utnytte passivt mannskap som sit inne med mykje ubrukt krut. Det enda opp med ideen om å nytte butikklokala til sædbank som ein såg for seg kan ha eit stort potensial som eksportvare under parolen «Godt norsk». Ja, ein meinte at dette var eit prosjekt som burde kunne få støtte; det er framtidsretta, kan gi mykje omtale i media og kan også gi kvinnearbeidsplassar.

Bukkar
Neste sketsj på programmet var ein variant av «Dei tre bukkane Bruse», der bukkane var bytta ut med tre kjende liabygdarar som ville til Frankrike (Stranda) og prøve lykka, men vart stoppa undervegs av Frank som låg under ferja. Dei tre «bukkane» var godt parodiert av Anne Melgaard Tårn. Alle i salen kjende dei att.
Neste song Femininas stod for var kalla «Vibrator», der skal vi ikkje skal gå nærare inn på teksten. Den siste sketsjen var frå ein fjøs der ei godt gjenkjennande kvinne frå Liabygda dreiv og kosta og fortalde til ein som stakk innom om nye driftsidear i landbruket. I fjøsen hadde ho selskap av to kyr og ein okse. Oksen, ein premieokse ved namn Balder, var kjøpt av mannen hennar som var komen i 40-årskrisa. Oksen og kyrne stod for kveldens mest populære innslag då dei dansa på to bein til musikk, ifølge kvinna ein idé som kan verte ein verdenssensasjon. Publikum låg til dels frametter borda og skratta, og sketsjen fekk trampeklapp og stormande jubel.
Femininas avslutta så programmet med ein song, og heile jentegjengen fekk ståande applaus før det vart servert spekemat.
Programleiar Astrid Gjerde leverte frå seg ein stafettpinne; ho sa at ho gledde seg til neste år, for då er det karane sin tur til å lage i stand fest. Etter maten var det dans til ut i dei små timar, og i følgje Astrid Gjerde frå arrangørane heldt den gode stemninga seg heile kvelden.
– Vi hadde litt kort tid på øvinga til programmet, men har hatt det veldig kjekt medan vi har halde på. Og det er artig når det vert så godt mottatt.