Noregsmeister i hopp. Tommy Lianes saman med andre unge idrettsutøvarar og gratulantar søndag kveld. Bak frå venstre: Geir Marius Øie, Kenneth Søvik og Sindre Holtleite. Andre rekkje frå venstre: Erika Holand Tøsse Tommy Lianes, Jarl Anders Hjelle og Helga Løset Skodjereite. Fremste rekkje frå venstre: Kjetil Holand Tøsse, Kristina Maridal, Fredrik Øie, Petter Løset Skodjereite (med bløtkake) og Paula Løset Skodjereite.
|
|
|
|
I mars i fjor vart det sølv på Tommy Lianes i Hovedlandsrennet, berre slått av den største konkurrenten, Simen Grimsrud frå Asker Skiklubb. Desse to konkurrerer i toppen av RC-cupen saman med Christoffer Kise frå Ørn IF denne sesongen, og laurdag møttes dei på nytt i Hovedlandsrennet for 16-åringar i Folldal.
Beste hoppet for sesongen
Etter første omgang leia Simen Grimsrud etter å ha landa på 77,5 meter. Christoffer Kise låg på andre plass etter eit hopp på 79 meter, medan Tommy på fjerdeplass hoppa 75 meter i første omgong.
Då han hoppa 80,5 meter i andre omgang i det som må vere det beste hoppet hans denne sesongen, skjønte eg at dei to som kom etter han, måtte hoppe veldig bra for å slå han, fortel far til Tommy, Ole Lianes.
Det var veldig spennande før det endeleg var avgjort, men etter at Kise berre hoppa 70 meter og Grimsrud landa på 75 meter forsto eg at Tommy hadde vunne. Det var veldig artig at dette skulle skje akkurat i Hovedlandsrennet, seier ein glad og stolt far.
Kakekalas
Etter at Tommy kom heim søndag saman med far Ole og mor Hilde tromma leiar i Stordal IL, Vigdis Hove Øie, saman ein gjeng i Stordalshallen søndag kveld.
Ho ”kapra” Tommy saman med eit par kameratar frå fotballtreninga han var på, og saman med ordførar Charles Tøsse, oppmann og trenar i hoppgruppa Per Ivar Skodjereite og ein del andre som ville gratulere, gratulerte ho Tommy med gullet og serverte velfortent bløtkake.
I RC-cupen i hopp står det no att tre renn, med finale i Granåsen i Trondheim 30. mars.
|
|
|