Full breiband dekning

Breibandsutbygginga i Øvre Stordal er no slutt-ført. Stordal Breiband AS har sidan sommaren 2007 gjennomført utbygging av trådlaust breiband til fastbuande og hytteeigarar i dalane opp mot både Overøye og Ekre. No er dei aktuelle områda ferdig utbygde og Stordal kommune har dermed 100 prosent breibandsdekning for fastbuande og område med regulerte hyttefelt.

12. mars 2008
Randi Flø

Kristian Almås er tlfreds med å ha fått breiband i hus. Han seie rmykje har vorte enklare og at nettet er svært stabilt.

Stordal Breiband er etablert av brødrene Bjørnar og Tor Midtbust i Stordal. Dei fortel at det til no er 23 kundar som har knytt seg til deira nett, og at tilbakemeldingane frå brukarane så langt har vore svært positive. Med unntak av ein to-dagars periode rett over nyttår, der ein sendar i Seljebotn vart øydelagd på grunn av straumstans, kan selskapet vise til 100 prosent oppetid sidan sist sommar. Dette viser at WIMAX-utstyret er både stabilt og påliteleg.
I samband med at utbygginga av breibandsnettet no er ferdig, har Stordal Breiband sett ned abonnementsprisane til både eksisterande og nye kundar. Dette er eit signal som rettar seg spesielt mot hyttemarknaden. Selskapet har som målsetting å nå 30 kundar til sommarferien, og det er i denne kundegruppa at vekstpotensialet til Stordal Breiband ligg.

Ulike pakkar
Stordal Breiband tilbyr no tre ulike abonnementspakkar med hastigheiter frå 1500 til 5000 Kbps. Desse hastigheitene viser at dette er ekte breiband som kan gi høve til eit variert utval av tenester, til dømes IP-telefoni, TV-streaming og video-overvaking. Det er altså ikkje snakk om mobilt, oppringt breiband, som opererer med langt lågare hastigheiter og høgare prisar.
Dei viser til at det er ein tydeleg trend at fleire og fleire brukar hyttene sine større deler av året, og desse vil gjerne ha tilgang til same komfort og aktivitetstilbod som heime. Dei store breibandselskapa konsentrerer seg om dei sentrale områda med stor befolkningstettleik. Dette medfører at dei fastbuande og hytteeigarane i utkantstroka ofte ikkje får vere med på den rivande utviklinga på nettet. Gjennom den såkalla HØYKOM-satsinga har regjeringa gått inn med
store midlar for å bøte på
dette. Også utbygginga i Øvre-Stordal har fått støtte frå denne satsinga.

Attraktivt
– Stordal kommune har lenge vore aktiv i arbeidet med å lansere Øvre Stordal som eit vekstområde for kommunen. Når kommunen no også har medverka til breibandsdekning i området, vil dette gjere Øvre Stordal endå meir attraktivt for både eksisterande og potensielle hytteeigarar, seier dei to.