Medaljevinnarane heim til jubel

Vegard Busengdal med gull i slalåm og Erika H. Tøsse med bronse i slalåm og super-G vart tekne i mot med flagg-borg og banner, jubel, musikk og godord då dei kom heim til Øvrebust frå Hovudlandsrennet i alpint fredag kveld.

18. mars 2008
John Kristian Hjelle

Medaljevinnarane frå Hovudlandsrennet, Erika H. Tøsse og Vegard Busengdal, tek imot jubelen frå familie og venner etter heimkomsten fredag kveld.

Klokka var over halv tolv om kvelden før den spente velkomstkomiteen kunne sjå at bilane svinga opp til Øvrebust bustadfelt. Dei hadde førebudd seg lenge, og mellom anna laga banner med gratulasjonar på. Bilane med medaljevinnarane i vart stoppa, og med flagg i handa måtte dei marsjere fremst i prosesjon dei siste metrane opp til bustadfeltet. Der hadde Magne Tøsse stilt trappa og plenen sin til disposisjon for det store følgjet.
Vegard Busengdal og Erika H. Tøsse måtte stille seg på trappa, og fekk fortente godord og gratulasjonar både frå leiar i alpingruppa Olai Nakken og Magne Tøsse, som var med som lagleiar for Møre og Romsdal under Hovudlandsrennet. Magne Tøsse sa at han gjerne stilte plenen sin til disposisjon fleire gonger.
Olai Nakken las også opp gratulasjonhelsing frå leiar i Stordal IL, Vigdis Hove Øie. I utforrennet på torsdag kom Vegard på 32. plass, medan Erika tok ein sterk 10. plass. Adrian Nakken kom på 36. plass, og Jørgen Vinje Tøsse på 51. plass. I super-G rennet på Hovudlandsrennets siste dag, fredag, kom Vegard på 26. plass, medan Erika altså tok ein ny sterk bronsemedalje i tillegg til den ho tok i slalåm søndagen før. Adrian og Jørgen var begge uheldige og braut rennet. Møre og Romsdal vart totalt sett det tredje beste kretslaget. Akershus kom på første, medan Oslo tok andre plass.