|
Valldal samfunnshus var fylt til randen av forventingsfulle då elevane på ungdomsskulen i Valldal sleppte laus alt dei hadde øvd på sidan november i fjor. Eit stappfullt program med songinnslag frå heile verda og med store prestasjonar av alle som var med.
Sydde saman
Programleiarane Nils Johan Døving og Lars Andre Øvrevoll saman med bilete og illustrasjonar frå datamaskina losa publikum gjennom programmet på ein sikker og overbevisande måte. Programmet var delt i to med pause mellom og heile 24 songnummer til saman. Husorkesteret ordna med stødig musikk og ga utøvarane frå scena trygge rammer. Tydeleg var det at her var det lagt ned mykje arbeid og at song- og speleglede var til stades.
Overbevisande
Det var mange flotte songar og dristige skodespelarprestasjonar og det blir vanskeleg å skulle trekkje fram enkelte, men programmet før pause med Angelina og Anna på Grand Canaria var flotte nummer med god kombinasjon mellom song og drama. Den gode responsen frå publikum tok utøvarene innover seg og var overbevisande i sitt spel.
Ikkje alle stod på scena, mykje anna skulle også vere på plass. Det var god flyt i sceneskifte, kulissar og kostymar verka akkurat som dei skulla. Fredag var det stappfullt og laurdag nesten like mange, så her har Valldal skule eit kulturarrangement som det er stor interesse for. Og til den som ikkje fekk det med seg, så vert det vel eit nytt arrangement til neste år, med eit nytt tema.
|
|
|