|
Dagleg leiar Rune Støversten ved Arena Overøye fortel at ein denne påska har hatt det beste besøkstalet i skitrekket nokon sinne. Vi har allereie passert budsjettet vi la opp til for denne sesongen, og med dei tilhøva vi har no, satsar vi på å halde ope i minst fire veker til, det vil seie til og med veke 16, seier han. På heimesida til Arena Overøye kan vi sjå at det no i skrivande stund, tysdag, er ei snømengde nederst i trekket på 2,2 meter, medan det på toppen er 3,4 meter. Temperaturen på Overøye er på minus 16 grader, så held det kjølege veret seg framover bør snøen ligge ei god stund til. |
|
|