|
Kvar skjærtorsdag møter bygdefolk og påskegjester opp på lagsrennet. Dei som ikkje går rennet, er der for å heie på familie og vener, og for å treffe gamle kjende. Lagsrennet har eigne gjesteklasser for dei som kjem utanbygds frå.
Skiløparane i den yngste klassa fekk god hjelp og støtte av foreldre eller andre vaksne til å kome seg rundt løypa. Deltakarane i klassene over klarte seg sjølve, og gjennomførte løpet med stor iver.
Det var litt tynnare i rekkjene i dei eldre klassene. I enkelte tilfelle var der berre ein deltakar per klasse, men det la ingen dempar på innsatsen. Alle fullførte løpet med fart og stil.
Trufast deltakar
Leidulf Årset er ein av dei mest trufaste deltakarane til rennet. Han deltok for 52. gong dette året.
Eg har berre stått over eitt renn sidan eg var seks år, seier Leidulf. Det har vorte ein tradisjon for meg å gå dette rennet på skjærtorsdag.
Saft og premiar
Etter gjennomført løp, fekk alle skiløparane utdelt varm saft i målområdet. Inne i klubbhuset kunne løparar og tilskodarar få kjøpe pølser og vaflar, eit tilbod som mange nytta seg av. Det var også mogleg å kjøpe lodd i ein basar med mange fine premiar. Inntektene frå basaren skal gå til utbygginga av klubbhuset.
Då alle var komne i mål og resultatlista var klar, var det utdeling av velfortente premiar.
Tradisjon med lang historie
Lagsrennet, som kvart år vert arrangert av skigruppa i Eidsdal Idrettslag, har vorte ein tradisjon og ein møteplass for bygdefolk og påskegjester. Rennet har vore arrangert kvart år sidan 1937. I starten vart rennet halde ved det gamle skulehuset på Eide, men på 50-talet vart det flytta til Løvoll. Enkelte år vart rennet også halde på Kilsti dersom det ikkje var mogleg å gjennomføre renn på Løvoll på grunn av snøforholda. Fram til 1968 vart det arrangert langrenn, hopp, slalåm og av og til kombinert. Etter dette gjekk ein over til å arrangere berre langrenn.
|
|
|