|
Leiar i soknerådet, Reidun Torpe Langhauge, seier det var semje i soknerådet om å kome med eit slikt innspel. I framtida kan det bli endå større konsentrasjon av folk og stor aktivitet i området. Dei ser det som naturleg av det også vert sett av plass for kyrkjeleg aktivitet.
Dei ønskjer at det vert sett av areal som kan nyttast til friluftsgudstenester og liknande, også areal for eit eventuelt framtidig sportskapell. Soknerådet peikar ikkje på noko konkret areal, men meiner det bør liggje i rimeleg kort avstand til høveleg parkeringsplass, og derfor helst i området kring Overøye.
Ide
Det var Ole Johan Vidhammer, medlem av soknerådet, som la fram ideen om å tenkje på kyrkjeleg aktivitet i samband med reguleringsplanen.
Det er allereie ein rimeleg bra folkekonsentrasjon i området, etter planen skal det bli endå større. Der folk er, skal også kyrkja vere, seier Vidhammer og legg til at dette ikkje er noko nytt i dette området, det har vore friluftsgudsteneste i samband med Langsæterdagane.
Vidhammer ser gjerne føre seg eit sportskapell på sikt.
Han viser til Finnmark, der det nok er fleire friluftskapell enn elles i landet i samband med samisk aktivitet. Han fortel at det gjerne er eit lite, pent bygg som ligg litt for seg sjølv.
Sjølv synest han Seljebotn er det aller finaste området, men meiner det må vere der det er størst konsentrasjon av folk. I denne omgang vil soknerådet berre lansere ideen og sjå om det er interesse for det.
Løpet går
Eg synest ein bør tenkje seg eit kapell. Eg er klar over at det ikkje skjer over natta, men det er no løpet går arealmessig. Det er viktig at det skjer i samband med planen. Det har sikkert vore tenkt før, men det er eit spørsmål om timing, seier Vidhammer.
Korleis kom du på ideen?
Det var ein gong i haust eller vinter eg var med på eit møte som vart halde i Fjordstova ved Muritunet i hyggeleg atmosfære. Då slo det ned i meg. Himmel, for eit hus. Dette hadde vore noko å ha til kapell. Det er praktfullt, men ikkje prangande. Og så har ideen berre modnast, seier Vidhammer.
Uttalen frå soknerådet er sendt kommunen og vert med i den vidare behandlinga av arealplanen for Nørdalen. No spørs det om grunneigarane i området spring til telefonen og byr fram areal til eit slikt tiltak.
|
|
|