|
Til stades var både ordførar Charles Tøsse, kulturkonsulent Hallgeir Hove, fylkesleiar i Norsk Pensjonistforbund Borge Rørvik og andre inviterte gjester frå kringliggjande pensjonist-lag.
Song og underhaldning
Med song og underhaldning, talar og lovord vart 30-årsjubileet til det livskraftige og aktive laget markert. Kirsten Hove tok dei frammøtte med på eit tilbakeblikk på laget si historie og kunne mellom anna fortelje at skipingsmøtet til Stordal pensjonistlag var 23. mai 1978 på det som den gongen heitte Stordal Aldersheim, og at sosialsjef Anna Margrethe Drægebø Moe var den som hadde teke initiativet til skipinga av laget.
Tora Emilie Hove vart vald som første leiar i laget. Laget har vore et aktivt lag, med fellesturar kvart år, og med møter for medlemmane. Første året var det 42 medlemmar, i dag er det auka til 85. I 1994 var det problem å få nokon til å ta leiarvervet i laget, då vart Karl Elias Moe ”headhunta” av Anna Margrethe Drægebø Moe til oppgåva.
Laget har to gonger arrangert fylkesmønstring for pensjonistlag. Laget har vore med på mange aktivitetar, mellom anna måling av gjerde rundt Stordal kyrkje. I 2004 kom Liabygda med, og laget skifta då til det namnet det har i dag, Stordal og Liabygda pensjonistlag.
Kirsten Hove kunne også fortelje at det i løpet av desse første 30 åra har det vore fire kvinner og fire menn som leiarar.
Gratulasjonar
Mange gratulasjonar vart framført på markeringa, både frå Norsk Pensjonistforbund, andre pensjonistlag og kommunen ved ordførar Charles Tøsse. Han fortalde mellom anna at han i sin dåverande jobb var med og samarbeidde om den første fylkesmønstringa i 1997 som var det første store arrangementet på Stordalshallen.
Han sa vidare at han tykkjer det er gledeleg at Liabygda har komt med dei siste åra, og at ein kan ha eit slikt samarbeid mellom dei tre bygdene Dyrkorn, Stordal og Liabygda. Han uttrykte takksemd for det arbeidet laget har gjort og gjer for fellesskapet og kvarandre før han overrekte blomster og ønska til lukke, både med dei 30 åra som har gått og vidare.
Arbeidsoppgåver
Borge Rørvik frå fylkeslaget snakka mellom anna om ulike arbeidsoppgåver for Norsk pensjonistforbund, der han trekte fram dei føreståande lønsforhandlingane som viktige. Han fortalde at det er 130.000 pensjonistar i Noreg som kun har minstepensjon, og at det er like mange som kun har minstepensjon i tillegg til formue som eigendom m.v.
Minstepensjonen i Noreg er under det ein i EU har sett som fattigdomsgrense, sa han.
Etter at Borge Rørvik hadde gratulert og overrekt blomster og ein sjekk berømma Einar O. Hove organisasjonen på fylkes- og landsplan for det arbeidet dei gjer.
Anna Margrethe Drægebø Moe gratulerte og fortalde frå oppstarten og den første tida i laget, og konkluderte med at laget har vore til glede og berikelse for mange gjennom desse første 30 åra, og vil vere det for fleire i mange år framover.
Anna Margrethe Drægebø Moe og Karl Elias Moe er dei som har vore lengst med i laget av dei som lever i dag, kunne Einar O. Hove fortelje.
Ingjerd Øyen er den som har vore leiar lengst, ho har site som leiar i tilsaman 7 år. Men som ho sa: Eg er snart gammal nok til å vere med att no. Ho overrekte blomster med tilhøyrande vase, den ville ho skulle plasserast på leiarbordet, for kanskje ho kom att som leiar seinare.
Andre som gratulerte var mellom andre Alf Grønning-sæter frå Ørskog pensjonistforening og Solveig Valle frå Skodje pensjonistlag.
|
|
|