Til topps med fele og komp

Sist helg var Valldal spelemannslag med på fylkeskappleiken i Surnadal. Om lag 200 deltakarar frå heile fylket deltok. Thea Marie Ytterdal og søstera Emma Ytterdal gjekk til topps i kvar si klasse i felespel. Spelemannslaget delte førsteplassen i si.

16. april 2008
Alfred Nilsen

Thea Marie Ytterdal er både inspirert og har fått styrka sjølvtilliten etter innsatsen på fylkeskappleiken i Surnadal sist helg. Foto: Alfred Nilsen

– Dette var over all forventning og litt av ein oppkvikkar, seier Harald Storås i Valldal spelemanspel.
Det er måndag og spelemannslaget er samla på Kafé Lupinen på Muritunet slik dei brukar måndagane. Men denne dagen er det kake og kaffi, ikkje øving. Høg stemning og lystig prat, og både Thea Marie Ytterdal og Ingunn Linge Valldal har fått blomster for innsatsen sin. For, som Harald Storås seier det, utan ho (Ingunn) hadde det nok ikkje gått slik det gjorde.

Tradisjonsberarar
Fylkeskappleiken gjekk over to dagar. Laurdag var det solospel og søndag var det spelemannslaga sin tur.
– Emma Ytterdal som berre er åtte år, var scenevant og trygg og spelte sine to slåttar på ein flott måte, seier Ingunn Linge Valdal.
Ho har igjen tatt til å undervise i felespel på kulturskulen og er glad for at rekruttering er bra.
– Valldal spelemannslag har halde ut og held tradisjonane levande. No kjem det til fleire nye medlemmer, som til og med er jenter. Det er bra og hevar nivået, seier ho.

Inspirator
Thea Marie Ytterdal smiler og er så godt nøgd ho kan vere.
– Eg likar å stå på scena og å konkurrere, seier ho.
– Ingunn har vore ein stor inspirator og læremester for meg, og eg er glad i instrumentet mitt, legg ho til.
Ho også spelte to slåttar i konkurransen. Det er eit av formåla til fylkeskappleiken å ta vare på og presentere tradisjonsmusikken i fylket, så difor veljer utøvarane gjerne slåttar av spelemenn frå sitt distrikt. Til sommaren vil ho delta på landskappleiken på Oppdal.

Spelemannslaget
Søndag spelte spelemannslaget to slåttar av Karl Eidem frå Sykkylven: “Pariserpolka” og valsen “Vårmorgon”.
– Vi har jobba ein del med å finne dei rette slåttane og desse er fine slåttar som vi likar å spele, seier Ingunn Linge Valdal.
– Vi var godt nøgde med vår eigen innsats. Kjekt er det då å kome heilt til topps i konkurransen, legg ho til.

Husleigespeling
Måndag er øvingsdag og av og til husleigespeling, som i dag. Saman med medlemmene i laget sit også ei dansegruppe frå Sykkylven. Dei tar turen til Valldal for å få danse til eit heilt orkester.
Husleigespeling er den måten laget gjer opp for seg for øvingslokalet dei brukar på Muritunet Då flyttar dei inn i gymsalen, slik som i dag, og det blir spel og dans til glede for alle som bur på Muritunet.
Spelte til dans gjorde Valldal spelemannslag også på laurdagen under fylkeskappleiken og allereie der fekk dei positive tilbakemeldingar. Då var det stor kulturkveld arrangert av det lokale laget og spelemannslaga byttar på å spele til dans.
– Dans er også noko spelemannslaget vil satse på i framtida. Vi arrangerer nok eit dansekurs snart, sier Ingunn Linge Valdal.