Korpskafé med gjester

Junior Big Band opna korpskafeen i Stordal søndag med latinske rytmar og klassisk storbandmusikk.

16. april 2008
Sissel Tiril Rem

Mads Rune Larsen og Karoline Dyrkorn Alne fekk medaljar for å ha vore med i skulekorpset i fem år. Leiar i Stordal skulekorps, Jarle Hove, til høgre.

Storbandet som har unge korpsmusikarar frå heile fylket i stallen, hadde øvt, leika seg, ete og sove i Stordalshallen denne helga. På konserten viste dei seg frå si beste side med seks nummer under leiing av Frank Harneshaug.

Rytmisk
Opningsnummeret var “Smooth” av Carlos Santana, ein hit frå albumet Supernatural som kom i 1999. Den latinske rytmen går av seg sjølv utan at dirigenten treng å peive så mykje for å få musikarane med seg.
“Cold Duck Time” var neste på programmet med gode soloprestasjonar av Vegard på slagverk og Maria på saxofon.
Frå standardrepertoaret til jazzen spelte storbandet “All Blues” av Miles Davis. Den karakteristiske grunnrytmen blir halden av ein lett og stødig tuba. Nye solistar viser gode prestasjonar på trompet og altsaxofon. Korpset har god klang, er samstemt og samspelt med gode soloprestasjonar som kjem godt ut av bandet som talde 24 personar søndag.

Krevjande
Før storbandet heldt fram med “Belavia” av Chuck Mangione vedgjekk musikalsk leiar Frank Harneshaug at dette stykket er ekstra krevjande. Etterpå var han svært nøgd med ungdommane.
– Dette gjekk bra. Det høyrdest lett ut. Vi snakkar om einarar, på taktslaget, slikt finst nesten ikkje her. De er så flinke! Det høyrdest så naturleg og fint ut. Eg er nøgd med dokke no.

Takka for seg
Før dei avslutta med endå ein latino-låt nytta dirigenten høvet til å takke for opphaldet i Stordalshallen.
– Takk for eit strålande opphald der alt er tilrettelagt med mat, skyting, klatring og kunstgrasbane. Ungdommen trivst her, sa han og fekk liv i gjengen med “Mambo hot”.
– Ekstranummeret får de vente med til båtfestivalen på Ikornes i juni, sa Frank Harneshaug.

5-årsmedaljar
Før Stordal skulekorps bles første tone vart to av medlemmene heidra med 5-årsmedaljen frå Norges musikkorps forbund: Mads Rune Larsen og Karoline Dyrkorn Alne.
Dirigent Lars Kaggerud nytta høvet til å fortelje kor viktig det er at dei eldste blir verande i korpset.
– Dei eldste er bjøllekyr. Kva skulle vi gjere utan at dei leiar an? Vi er inne i ein god stim no. I fjor vår kunne vi ikkje ha spelt “Easy Pop Suite” som vi skal spele i dag. Eg håper å sjå dykk att til hausten, sa han med adresse til dei eldste i skulekorpset.

Sikkert vårteikn
Korpset opna med marsjen “Cut Time Strut”, som eit vårteikn. Snart høyrer vi korpsmusikk i gatene fram mot den store marsjdagen 17. mai. Dirigenten lèt taktstokken ligge til fordel for tubaen.
Korpset heldt fram med “Blå ballong” før dei tok til på dei tre satsane i “Easy Pop Suite”. Det kom dei om lag 25 musikantane godt ifrå. To nummer til stod på programmet før instrumenta vart sett vekk for å selje lodd.

Rett på sak
Medan drøset framleis går i salen, fyrer Stordal hornmusikklag av med marsjen “Showtime”. Denne gongen med dirigent Lars Kaggerud på kornett, godt plassert i korpset.
– Dette er ein note vi aldri blir kvitt. Han kjem like sikkert som hestehoven kvar vår, sa han om marsjen før han drog i gang “The Rose” (Bette Midler) med seg sjølv som solist.
– Enkelte trur dei kan brukast til alt, sa han sjølvironisk.
– Verken Leif eller Bjørn er her i dag. Eg trudde eg kunne spele kornett.
Hornmusikken heldt fram med “That’s What Friends are for”, tok ein pause medan vinnarane vart trekte og avslutta med “Concordia”.