God start på sesongen

Med så mykje som 5-0 i sin første kamp i 5. divisjon denne sesongen har Stordal fått ein god start.

23. april 2008
John Kristian Hjelle

Kenneth Søvik plasserer ballen kontrollert til side for Sæbø-målvakta og inn i lengste hjørnet, og fastset sluttresultatet til 5-0 for Stordal i debutkampen sin.

Stordal – Sæbø 5-0 (4-0 til pause)
Kirkebø stadion
Søndag 20. april 2008

Spelarar Stordal frå start:
Hasib Hadzalic (målvakt), Bert Pasop, Kenneth Skrede, Hans Martin Homlong, Steffen Staurset, Robin Aasen, Andreas Kirkebøe, Sindre Holtleite, Geir Marius Øie, Jahn Morten Overå, Petter Aksel Kirkebøe.
Innbyttarar:
Sondre Nygård, Tommy Lianes, Eirik Nakken Nilsen, Emil Staurset, Kenneth Søvik.

Stordal nytta ein halv time til å avgjere kampen, då sette Petter Aksel Kirkebøe inn 4-0 for Stordal.
Det første målet kom etter eit langskudd frå Sindre Holtleite som Sæbø si målvakt så vidt rakk å få fingrane på før den gjekk i mål. Då var det gått fem minutt av kampen.
Det andre målet var det Geir Marius Øie som sette inn etter 14 minutt. Robin Aasen sette inn det tredje etter 23 minutt.
I andre omgang fekk først Sondre Nygård, og seinare Tommy Lianes, Eirik Nakken Nilsen og Kenneth Søvik sin debut for A-laget til Stordal. Kenneth Søvik, som kom inn på bana då det var fem minutt att av kampen, skora like godt i sin debutkamp då han roleg og kontrollert plasserte ballen i mål til 5-0 for Stordal etter fire minutt på bana.
Neste kamp for Stordal er borte mot Harøy på laurdag. Stordal rykte ned frå 4. divisjon medan Harøy rykte opp frå 6. divisjon til denne sesongen, så Stordal har eit lite favorittstempel til den kampen.
Harøy bør nok likevel ikkje undervurderast. Dei slo Emblem 4-2 på bortebane i sin første kamp førre veke, og Emblem avslutta fjorårets sesong på 4. plass i 5. divisjon.